Monday, December 18, 2006

Skrivestopp

Mamma er på besøk, ho liker å dansa tango. I dag dansa eg óg tango, det var kjekt. Oda er i Peru, eg skal snart til peru óg. Det er lenger frå Buenos Aires til Cusco enn frå Bergen til Stockholm. Eg må snart kjøpa flybillettar eller ta bussen i 60 timar. Det siste frister minst. Det er kjekt å vera i Buenos Aires, og eg har kanskje ferie. Det må eg bestemma meg for snart. Precrustinating er eit nytt engelsk ord for meg. Eg trur eg utset biofysikken til etter jul, då vert alt fint fram til mars. Eigentleg er eg invitert i bryllup i januar, men då er eg mest sannsynlig i Peru, Oda er allereie i Peru. I går åt eg middag med seks andre nordmenn. Det var rekord. Ellers har eg overlevd 2 fag, og gjort det ganske bra. Forstår ikkje kvifor eg har skrivestopp.