Thursday, March 22, 2007

Mi eiga seng!

Eg har faatt meg leilighet!! Og kjoept meg seng som eg har malt gul. Bur med ei meksikansk jenta i flottaste palermo og gleder meg allereie til mi fyrste natt i ny leilighet som vert i natt.. Fyrst maa eg berre faa tak i ein taxi, skru saman senga mi og vaska golva. Caroline kjem i morgon tidlig saa det er perfekt timing som vanlig. Juhuuuuu.. Neste innlegg vert fraa fancy leilighet, hurra!

Sunday, March 18, 2007

Kulturhovudstaden

Det er eigentleg litt rart å vera tilbake i Buenos Aires, på mange måtar er alt det same


samstundes som det er mykje som har endra seg. Av den faste venegjengen min var det berre Katrin igjen, men då ho reiste tilbake til Tyskland i går er eg rett og slett nøydd til å finna meg nye venar. Til no har det gått ganske bra. Eg vart kjend med ein gal australianar i Salta, som seinare kom til Buenos Aires og introduserte meg for halve hostellet sitt. Så i dag har eg vore på marknaden i St. Telmo med ei jenta frå Guatemala og ein gutt frå Mauritsius, morosamt å vera turist igjen! Ellers har eg vorte ven med ein åttandedels nordmann som har lyst å læra seg norsk, tatt oppatt kontakten med eit par argentinske venar, og sånn i bunn og grunn trur eg det skal bli eit flott semester!

Det forutset sjølvsagt at eg finn ein ny plass å bu, eg har sagt opp rommet mitt frå og med fredag (same dag som Caroline kjem på besøk), noko som gjer at eg har 4 dagar på meg før eg verkeleg må ha ein ny stad å bu!

Av gamlehusnytt kan eg blant anna nevna den fantastiske St Patricksfesten me arrangerte på fredag (då angra eg meg nesten på at eg er på flyttefot)! Berre synd at det var ein hagefest og det regna så mykje at ein ikkje kunne kryssa hagen utan å verta våt halvvegs opp til knea! At ein heller ikkje kunne kryssa dei fleste vegar til fots førte til at av dei 100 inviterte dukka det kanskje ikkje opp meir enn 70, det var kanskje lika greit. Eg har lagt ut bileter, men det må nevnast at eg ikkje kom på å ta bileter før i 5-6tida då dei fleste var på god veg heim.

Ellers er det alltid kjekt å kunna avbryta eksamenslesing med ein liten gratiskonsert, at det er rundt 200 000 andre mennesker som tenkjer det same gjorde ikkje kvelden mindre spesiell! Og, dette er kanskje det tøffaste. Akkurat no sit eg å høyrer på Roger Waters, live, og om han gjentek konsertprogrammet sitt frå i går kan eg sikkert sovna til "Another brick in the wall" i dag og! Berre ikkje spør meg korleis eg har klart å ikkje få meg konsertbillettar når han speler konsert 500 meter frå huset vårt, det er ikkje alt ein kan snakka om.

Sunday, March 04, 2007

Tilbake til kvardagen

Så no skal eg finna meg ein plass å bu og lesa til eksamen. Veit ikkje om det vert så mykje blogging framover, men eg har lagt ut dei siste bileta frå ferien min! :-)