Monday, September 18, 2006

Koselig i koe!

Teater Colòn (http://www.teatrocolon.org.ar) er saa vidt eg veit det stoerste teateret i Argentina, og om ei veka stenger det for 2 aars oppussing. No har eg gaatt i 2 mnd (!) og tenkt at eg har lyst aa sjaa ei oppsetting der foer det stenger, og i dag fekk eg endelig komt meg aa kjoept billettar!

Aa kjoepa billettar er ikkje alltid saa enkelt, i dag maatte eg staa i koe i nesten 1.5 time. I saanne tilfeller er det veldig greit aa ha nokon aa snakka med for aa faa tida til aa gaa, og saann vart eg kjent med mi nye venninna Claudia. Ho er fraa Tyskland og studerer sosiale fag ved UBA, og paa tirsdag neste veka (heilt tilfeldig same dagen som Trygve og Anna) skal me paa ballett og sjaa Svanesjoen av Tchaikovzky.

Teater er her som dei fleste andre plassar litt dyrt, men sidan dette var ein koselig koe var det ei argentisk dama som sa at ho kunne kjoepa billettane til oss saann at me fekk dei for halv pris! Og som om ikkje dette var nok, var det eit par koselige argentinarar til som fortalde oss om teateret og om den store ballettdanserinna som kjem fraa NY for aa dansa laurdag og sundag. Det heile endte altsaa med ein morosam koesamtale foer Claudia og eg gjekk paa kafè, drakk kaffi og diskuterte dei rare argentinarane..

Saturday, September 16, 2006

Vaar tralalala vaar trallala vaar tralalala vaar!

Endelig er det vaar, og eg er vorten skikkelig solbrent!! Kven skulle tru at 2,5 timar fotball ein formiddag mellom klokka tolv og halv tre skulle enda opp i (knall) raud nasa og raude kjakar?? Tydeligvis ikkje meg, men neste fotballtrening stiller eg med solkrem!!

Eg har altsaa funne meg eit fotballag i Buenos Aires, ikkje eit heilt ordentlig fotballag, men bra nok for meg! Kvar laurdag (saa lenge det ikkje regner) er det trening for alle jentene paa UBA, og det er goey! I dag fekk eg skryt av ein gamal mann som sat og saag paa oss.. hoho.. Men eg har litt problem med aa "snakka fotball" paa spansk.. I dag ropte alle "skyt, skyt, skyt". .Men eg forstod ingenting! Eit par treningar til saa tenkjer eg at eg er litt meir med!

Ellers alt vel, har tatt eit par "vegvalg" som generelt gaar ut paa at eg tar 2 fag og gaar paa spraakskule ein dag i veka.. Det betyr at eg har saa mykje fritid som eg ikkje har hatt paa mange aar, men i tillegg har eg saa mykje lekser som eg ikkje har hatt paa mange aar.. hmm. Dersom eg altsaa klarer aa bruka fritida paa aa gjera leksene burde alt bli bra!! Og naar det gjeld lekser har eg gjordt mi fyrste ordentlige leksa paa spansk, - 7 (!) maskinskrivne sider der eg drofter skulegangen min og laerarane mine opp mot ulike teoriar! Eg er ganske imponert sjoelv!

Dess meir vaar det vert, dess tydlegare trur eg det vert aa sjaa at eg ikkje er Argentinsk.. Eg ser visst veldig annleis ut med heile meg, - men medan eg gjekk og hutra og fraus i lag med argentinararne i vinter er eg no klar for aa bruka alle sumarkledene mine!! Ein typisk dag paa veg til skulen er altsaa godt over 20 grader, mange argentinarar i dongeri, fleecejakke og liknande + ein rar nordmann med knebukser og singlet.. Mest sannsynleg oever argentinarane seg til sumaren naar det vert verkelig varmt, og eg trur kanskje at eg boer byrja med det same. Saa sjoelv om det er litt trist, skal eg proeva aa spara paa knebuksene mine saa lenge som eg klarer aa halda meg!

Men no skal eg planleggja og dikkedera,- eg skal nemlig ut paa bydn i kveld! (For fyrste ordentlige gang etter eg var med telefondama til trygve i provinsen.. ) Til vanleg har nemlig "ut paa byn" prosjekta mine faatt ein tendens til aa enda opp paa ein restaurant (det er saa utrulig masse god mat her) eller paa ein bar.. Men i kveld skal det dansast!

¡Un besito!

Tuesday, September 05, 2006

eit aar eldre. Framleis like surreta..

Saa er eg altsaa vorte 23 aar, men det foeles ikkje like gamalt som det hoyres ut.

Generelt virker argentinarar veldig mykje yngre enn dei er. Eg lurer paa om det er fordi dei bur saa lenge heime hjaa familiane sine, eller om dei berre er yngre fordi dei bekymrer seg mindre? Det er litt fasinerande, for bortsett fraa at dei over 30 har opplevd 80-talet er det ikkje saa store forskjellar (saa vidt eg kan forstaa) aa finna.. Betyr dette at eg byrjer aa verta gamal eller betyr det at alder ikkje har noko aa seie? hmm.

Ellers feira eg bursdagen min med "familie og vener" her i huset mitt. Det var veldig koselig. Trygve (og alle i huset) hjelpte meg aa laga fiskegryta og dessert, og sidan det var fyrste gangen eg aat fisk i BA, kan de tru det var godt! Og aa arrangera middagsselskap her er og veldig goey sidan ting stort sett er veldig billig, og det t.d. gaar an aa kjoepa inn vin til maten, likoer til desserten o.s.v. Uheldigvis var ikkje dulce de leche (hapaa) likoer like godt som det kan hoyras ut. No er forresten forhaapentligvis snart datamaskina mi paa internett og daa skal eg legga ut bilder av kaka mi med fyrverkeri paa!

Aa ja. Apropo overskrifta. Etter eg vart 23, har eg klart aa gloeyma aa hoppa av subteen paa rett stasjon to ganger. Det gjorde eg ikkje ein einaste gang medan eg var 22.