Monday, September 18, 2006

Koselig i koe!

Teater Colòn (http://www.teatrocolon.org.ar) er saa vidt eg veit det stoerste teateret i Argentina, og om ei veka stenger det for 2 aars oppussing. No har eg gaatt i 2 mnd (!) og tenkt at eg har lyst aa sjaa ei oppsetting der foer det stenger, og i dag fekk eg endelig komt meg aa kjoept billettar!

Aa kjoepa billettar er ikkje alltid saa enkelt, i dag maatte eg staa i koe i nesten 1.5 time. I saanne tilfeller er det veldig greit aa ha nokon aa snakka med for aa faa tida til aa gaa, og saann vart eg kjent med mi nye venninna Claudia. Ho er fraa Tyskland og studerer sosiale fag ved UBA, og paa tirsdag neste veka (heilt tilfeldig same dagen som Trygve og Anna) skal me paa ballett og sjaa Svanesjoen av Tchaikovzky.

Teater er her som dei fleste andre plassar litt dyrt, men sidan dette var ein koselig koe var det ei argentisk dama som sa at ho kunne kjoepa billettane til oss saann at me fekk dei for halv pris! Og som om ikkje dette var nok, var det eit par koselige argentinarar til som fortalde oss om teateret og om den store ballettdanserinna som kjem fraa NY for aa dansa laurdag og sundag. Det heile endte altsaa med ein morosam koesamtale foer Claudia og eg gjekk paa kafè, drakk kaffi og diskuterte dei rare argentinarane..

6 comments:

Trygve said...

Åh, eg gler meg til å gå i Teatro Colon! Det blir litt av ei opplevelse for ei skitten boms som meg, etter ei veke meg magesjuke-karantene frå alt som er gøy.

Ryktene går, dog, om at daten min Anna har blitt hemningslaust forelska i ein eller annan tilfeldig argentiner. Jævla nedsig,altså!

Sigurd-Inge said...

Så koseleg!!
Du MÅ kjøpa billett til ein fotballkamp også - kanskje den sikraste måten å bli integrert på (om du heier på rett lag?)

Trygve said...
This comment has been removed by a blog administrator.
Trygve said...

Ja, ein fotballkamp er akkurat det du treng for å integrere deg i samfunnet her nede. Du kjem garanert til å ende opp med minst ein ny venn, men mest sannsynleg også med ei lommebok mindre og et blødende sår ein eller annan plass.

Neida, det kan gå bra. Du får uansett ein gratis varm dusj. Av PISS!!

Christina said...

Hei Astrid-Sofie, ute i den store verden;)
Ser at alt går bra med dere der nede, tross køsystemer og alt annet...! Svanesjøen er en fantastisk fin forestilling, håper du også vil nyte den like mye som meg:)
Sjekk forresten ut bloggen min:
http://astrochrizzie.blogspot.com
der jeg skriver om alt det rare jeg finner på her borte i Nederland!
Vel, nyt Argentina videre - jeg er super sjalu på dere!!
Hilsen Christina:)

Astrid-Sofie said...

Aaj.. ein dusj av piss?? Eg som proever aa faa tak i billettar til Rivers-Boca paa sondag!!! No er jo oppgaava levert videre til ein nabo som har kontaktar innanfor svarteboersen (meir utsolgt enn Brann-Rosenborg) saa sannsynligheten for at eg faar ein billett innanfor rimelig pris er ikkje saa stor.. :-)
Saa koselig at du Christina var innom forresten! Skal sjaa om eg faar lagt linken din til paa sida mi! :-)