Saturday, September 16, 2006

Vaar tralalala vaar trallala vaar tralalala vaar!

Endelig er det vaar, og eg er vorten skikkelig solbrent!! Kven skulle tru at 2,5 timar fotball ein formiddag mellom klokka tolv og halv tre skulle enda opp i (knall) raud nasa og raude kjakar?? Tydeligvis ikkje meg, men neste fotballtrening stiller eg med solkrem!!

Eg har altsaa funne meg eit fotballag i Buenos Aires, ikkje eit heilt ordentlig fotballag, men bra nok for meg! Kvar laurdag (saa lenge det ikkje regner) er det trening for alle jentene paa UBA, og det er goey! I dag fekk eg skryt av ein gamal mann som sat og saag paa oss.. hoho.. Men eg har litt problem med aa "snakka fotball" paa spansk.. I dag ropte alle "skyt, skyt, skyt". .Men eg forstod ingenting! Eit par treningar til saa tenkjer eg at eg er litt meir med!

Ellers alt vel, har tatt eit par "vegvalg" som generelt gaar ut paa at eg tar 2 fag og gaar paa spraakskule ein dag i veka.. Det betyr at eg har saa mykje fritid som eg ikkje har hatt paa mange aar, men i tillegg har eg saa mykje lekser som eg ikkje har hatt paa mange aar.. hmm. Dersom eg altsaa klarer aa bruka fritida paa aa gjera leksene burde alt bli bra!! Og naar det gjeld lekser har eg gjordt mi fyrste ordentlige leksa paa spansk, - 7 (!) maskinskrivne sider der eg drofter skulegangen min og laerarane mine opp mot ulike teoriar! Eg er ganske imponert sjoelv!

Dess meir vaar det vert, dess tydlegare trur eg det vert aa sjaa at eg ikkje er Argentinsk.. Eg ser visst veldig annleis ut med heile meg, - men medan eg gjekk og hutra og fraus i lag med argentinararne i vinter er eg no klar for aa bruka alle sumarkledene mine!! Ein typisk dag paa veg til skulen er altsaa godt over 20 grader, mange argentinarar i dongeri, fleecejakke og liknande + ein rar nordmann med knebukser og singlet.. Mest sannsynleg oever argentinarane seg til sumaren naar det vert verkelig varmt, og eg trur kanskje at eg boer byrja med det same. Saa sjoelv om det er litt trist, skal eg proeva aa spara paa knebuksene mine saa lenge som eg klarer aa halda meg!

Men no skal eg planleggja og dikkedera,- eg skal nemlig ut paa bydn i kveld! (For fyrste ordentlige gang etter eg var med telefondama til trygve i provinsen.. ) Til vanleg har nemlig "ut paa byn" prosjekta mine faatt ein tendens til aa enda opp paa ein restaurant (det er saa utrulig masse god mat her) eller paa ein bar.. Men i kveld skal det dansast!

¡Un besito!

1 comment:

Sigurd-Inge said...

Jau-jau,
me har no enda 20 grader i gamlalandet også - men no e da altså hausten so kjem....

Artig at gamle fotballferdigheter blir prøvd gjenoppliva.. Det er jo fleire kjente fotballnavn fra BA - ein av dei var nettopp i Bergen - ja, eg tenkjer på Maradona