Tuesday, July 10, 2007

Forseinka julefeiring

I går snødde det i Buenos Aires!! Karla satte på julemusikk og me dansa og var glade. Det er visst 89 år sidan sist, så me var ikkje dei einaste som var nøgde! Diverre fekk eg aldri sett snøen på bakken, er usikker på om det er fordi den aldri la seg i gata mi (lenger kom eg meg ikkje i og med at dagen var satt av til å studera) eller om eg stod for seint opp i dag. Uansett; klimamessig har året vore ein knallsuksess, med både ekstreme haglvær og snø, fagmessig trur eg at eg er på veg mot eit nytt sjølvmord, men det kan eg skriva meir om dersom eg overlever eksamen i morgon.

Saturday, July 07, 2007

Ein ganske vanlig, men herleg dag!

I dag skin sola. Det er eigentleg ikkje uvanlig, men i dag skin den så overbevisande at temperaturen har bestemt seg for å krypa opp mot 20 grader. Det er ein fin dag! For meg vart den ekstra fin fordi eg har levert inn siste skriftlige innlevering i eit fag og stått på deleksamen i det andre. To gode nyhender på ein herleg dag.

Sidan det er ein herleg dag, bestemte eg meg for å spasera litt på costa nera før eg tok bussen heim frå universitetet. Eg gjekk og naut stilla og såg utover elva, heilt til eg vart avbrutt av lyden frå eit fly som tok av. Eg innsåg at eg spaserte langs ein 8 felts veg og vart atter ein gang forundra over kor relativ definisjonen av stilleheit er.

Ja, ja.. No har eg 2 eksamenar att og så er det adios UBA. Kjem heim den 28/7 så då er eg klar for å sjå deko alle att! Men inntil då koser eg meg her og satser på fleire herlege dagar!

Thursday, June 28, 2007

Storbyen
sit seg på deg
og trykkjer deg ned i asfalten
ha ha, ler den
kjenner du deg makteslaus no?

Thursday, June 14, 2007

Vinter

Det er vinter i Buenos Aires, iallefall sein, sein haust. Temperaturen ligg i underkant av ti grader og det er kaldt og guffent. Eg er forkjølt og trur eg har litt feber, sit i leiligheita med ullabbar, skjerf og pledd og synst aldri så lite synd på meg sjølv. Ute er det grått og eg ser vinden som ruskar i trea, det er uvær på veg. Heldigvis har eg funne fram til Arnhild sin Emiliete, gjort eit par små endringar og kome fram til den perfekte forkjølelsesteen:

skiver av fersk ingefær
svart pepper
kanel
honning
melk
svart te
kokande heitt vatn

.. og dersom ein vil ha litt ekstra guff kan ein eventuelt hiva oppi litt chili!

Karla ler av meg og seier at eg drikk suppa, ikkje te. Det bryr eg meg derimot ikkje mykje om, kva veit vel mexicanarar om forkjølelseste?

Monday, May 14, 2007

Orden.

Nyklupt haar og eit fag mindre. Eit meir organisert hovude og ein tommare timeplan. Eg trur det er positivt. Eg har laant ei Frode Grytten bok av Trygve og irriterer meg over at han skriv vi og gikk, medan han er kjend for aa vera ein nynorskforfattar. I dag vaska eg badet, rydda i kleda mine, vaska opp, rydda leiligheten, vaska klede og gjekk paa internettkafe. I kveld skal eg lesa.
Orden.
Eg trur det gaar bra berre eg rydder opp litt. Karla er sjuk. Hoeg feber og svettetokter. Doktoren sa at det er viktig aa lufta ut virusa. Eg lufter, Karla frys. Om eg vert sjuk kjem eg til aa angra paa at eg ikkje leste i helga, men helger er koseligare om ein ikkje les. No skal eg kjoepa mat og henta Karla sine klede paa vaskeriet. Venter til i morgon med aa levera mine, eg skal trena fyrst.

Monday, April 30, 2007

surrehovud, ¿eg?

Jaja, no er de nok nysgjerrige paa kvifor det aldri kom noko nytt innlegg fraa ny fancy leilighet. Det lurer eigentlig eg og paa. Men eg har det altsaa ganske saa fint, har byrja aa aktivisera meg. Saa no trener eg litt og danser litt og det er veldig kjekt. Mykje kjekkare enn aa studera. Eg har leika med tanken aa droppa eit fag, saann at eg berre tar to. Og no ser det nesten ut som eg maa gjera det, i og med at nokon nettopp fortalde meg at midtsemesteren i fag nr 3 (statfys) er paa onsdag om ein dag og ikkje onsdag om ei veka saann som eg trudde. Alle som har tatt statfys forstaar at ein ikkje laerer seg statfys paa ein dag, men eg tenkte eg skulle gjera eit halvhjerta forsoek allikavel. I morgon. I dag skal eg til Maija og Mattias og feira Wappu. Eg var eigentlig tenkt aa gjera noko fornuftig, men Karla vil ikkje gaa utan meg, saa eg er overtalt og det vert sikkert kjekt! Ellers er eg skamklupt, eg som var byrja aa verta glad i dei lange solbleika kroellene mine var saa dum aa stola paa ein argentinsk frisoer. No har eg ein av dei verste hockeyfrisyrene eg har sett sidan aattitalet. Eg forklarde at eg gjerne ville behalda lengda, saa eg endte opp med omtrent 30 lange pjuskete haarstraa som eg kan samla i ein veldig tynn hestehale. Eller kanskje eg skal fletta dei til ein rottehale. Eg faar sjaa.

Thursday, March 22, 2007

Mi eiga seng!

Eg har faatt meg leilighet!! Og kjoept meg seng som eg har malt gul. Bur med ei meksikansk jenta i flottaste palermo og gleder meg allereie til mi fyrste natt i ny leilighet som vert i natt.. Fyrst maa eg berre faa tak i ein taxi, skru saman senga mi og vaska golva. Caroline kjem i morgon tidlig saa det er perfekt timing som vanlig. Juhuuuuu.. Neste innlegg vert fraa fancy leilighet, hurra!

Sunday, March 18, 2007

Kulturhovudstaden

Det er eigentleg litt rart å vera tilbake i Buenos Aires, på mange måtar er alt det same


samstundes som det er mykje som har endra seg. Av den faste venegjengen min var det berre Katrin igjen, men då ho reiste tilbake til Tyskland i går er eg rett og slett nøydd til å finna meg nye venar. Til no har det gått ganske bra. Eg vart kjend med ein gal australianar i Salta, som seinare kom til Buenos Aires og introduserte meg for halve hostellet sitt. Så i dag har eg vore på marknaden i St. Telmo med ei jenta frå Guatemala og ein gutt frå Mauritsius, morosamt å vera turist igjen! Ellers har eg vorte ven med ein åttandedels nordmann som har lyst å læra seg norsk, tatt oppatt kontakten med eit par argentinske venar, og sånn i bunn og grunn trur eg det skal bli eit flott semester!

Det forutset sjølvsagt at eg finn ein ny plass å bu, eg har sagt opp rommet mitt frå og med fredag (same dag som Caroline kjem på besøk), noko som gjer at eg har 4 dagar på meg før eg verkeleg må ha ein ny stad å bu!

Av gamlehusnytt kan eg blant anna nevna den fantastiske St Patricksfesten me arrangerte på fredag (då angra eg meg nesten på at eg er på flyttefot)! Berre synd at det var ein hagefest og det regna så mykje at ein ikkje kunne kryssa hagen utan å verta våt halvvegs opp til knea! At ein heller ikkje kunne kryssa dei fleste vegar til fots førte til at av dei 100 inviterte dukka det kanskje ikkje opp meir enn 70, det var kanskje lika greit. Eg har lagt ut bileter, men det må nevnast at eg ikkje kom på å ta bileter før i 5-6tida då dei fleste var på god veg heim.

Ellers er det alltid kjekt å kunna avbryta eksamenslesing med ein liten gratiskonsert, at det er rundt 200 000 andre mennesker som tenkjer det same gjorde ikkje kvelden mindre spesiell! Og, dette er kanskje det tøffaste. Akkurat no sit eg å høyrer på Roger Waters, live, og om han gjentek konsertprogrammet sitt frå i går kan eg sikkert sovna til "Another brick in the wall" i dag og! Berre ikkje spør meg korleis eg har klart å ikkje få meg konsertbillettar når han speler konsert 500 meter frå huset vårt, det er ikkje alt ein kan snakka om.

Sunday, March 04, 2007

Tilbake til kvardagen

Så no skal eg finna meg ein plass å bu og lesa til eksamen. Veit ikkje om det vert så mykje blogging framover, men eg har lagt ut dei siste bileta frå ferien min! :-)

Tuesday, February 27, 2007

Går det an å reisa aleina utan å vera aleina?

Etter at Trygve forlot meg aleina og forvirra i La Paz, utan nokon større plan enn at eg skulle i retning Buenos Aires, auka kjekkleiken av å reisa aleina proposjonalt med tida. Heldigvis!

Mi reisa byrja med ein tre timars busstur, der eg var saa heldig aa sitja attmed ein militæroffiser som ikkje synst det var noko rart å leggja an på meg sjoelv om han var 45 år, hadde kona og to born.. No forstod eg ikkje heilt at han la an på meg før etter at han hadde hjelpt meg å finna hostellrom, vist meg rundt i heile Oruro og spandert lunch paa meg. Om kvelden gjekk eg ut for aa eta middag, aleina. Det viste seg aa vera lettare sagt enn gjort. Heile byen var i dvale etter karnevalet, og eg fann ikkje ein einaste restaurant. Då eg passerte hovudplazaen i byn ropte nokon etter meg, og eg (som ikkje hadde noko betre aa ta meg til) fann ut at eg skulle sjå kva dei ville. Det var to gutar i slutten av tenåra som sat og drakk øl. Eg slo meg ned i lag med dei, og fann ut kva Bolivianske ungdommar synst om baade USA sin posisjon i verda, miljøspørsmål og Evo Morales. Eg hadde det særdeles fint og vart nok ein gang overraska då han eine hadde lyst å vera med meg inn på hostellet mitt. Mi fyrste lekse som aleinereisande lært.

Neste etappe var ein åttetimars busstur til Uyuni. Lonely Planet fråråder å ta buss på denne røffe strekninga, men alle togbillettar var utsolgt og mine lokale heltar sa alle at det ikkje var noko problem. Det tok ikkje lang tid før eg var glad for at eg hadde fått meg vindaugsete. Bussen rista såpass at bagasje ramla ned i hovudet på folk rett som det var. Eg oppdaga og at bolivianarar må vera nokon av dei beste sovemenneska i verda, dei sov som steinar gjennom heile bussturen. Vel framme i Uyuni vart eg med på ein saltørkentur som gav meg vener til kveldens middag. Det er forresten veldig tøft med salt:


Ny dag, ny busstur. Eg kan leggja til at bussar i Bolivia stort sett enten går eller kjem fram til destinasjonen mellom 2 og 6 om natta. Berre for å vera sikre på å frårøva reisande all nattesvevn. Denne strekninga var litt verre enn den forrige, såpass at dei hadde byta ut buss med jeep. Som gringa hadde eg fått tildelt dobbel så stor plass som alle dei andre bak i jeep-bagasjerommet (mest sannsynleg betalt 10 gangar så mykje) og lærte lekse nummer to. Etter ein halvtime med dårleg samvit fordi eg hadde så god plass byta eg vekk setet mitt til ei mor som reiste med ein liten gut. Ho sa knapt nok takk, og eg angra meg bittert då eg oppdaga at hennar sete berre var eit halvt sete med ein metalldings som gnog seg opp i baken min. Etter tre timar var me framme i ein liten landsby der eg fekk beskjed om at neste buss gjekk om to timar. Fekk meg nokon gringovener og åt lunch med dei.

Eg fortsatte bussturen med gringovenane mine til den Bolivianske-Argentinske grensa (kun avgbrutt av eit totimars girkassesamanbrudd etterfulgt av ein time ståande på ny overfylt buss). Dei var veldig koselige og eg var glad for å kryssa grensa i godt selskap. Så glad at eg fann ut at eg kunne vera med dei heilt til Salta, men midt på natta fekk eg angst og innsåg aleinereiseleksa nr 3. Når ein reiser aleine har ein muligheten til å gjera kva ein vil, då kan ein ikkje reisa forbi ein av dei vakraste delane av Argentina berre fordi nokon andre ikkje synst det er verdt å sjå. Eg forlot bussen klokka tre om natta i ein landsby. Gringovenene mine synst nok eg var rarare enn rarast, men eg hadde ro i sjela. Heilt til eg oppdaga at det var fullt karneval igjen, nok ein gang vart eg dusja med både skum og vatn og hostellrom var ikkje å oppdriva. I firetida fann eg ut at nok fekk vera nok. Det var tid for hotell. Heldigvis for lommeboka mi viste det seg at det store hotellet med svømmebasseng var eit ordentlig spøkelseshotell. Det hadde nok vore eit ordentlig luksushotell på åttitalet, men no fekk eg meg aleinerom for 60 kroner. Med eige bad, varmt vatn, reine handdukar, balkong og frukost. Ikkje verst.

Ny dag, ny buss. Denne gangen ein ordentlig argentinsk buss, med plass til beina utan overhengande fare for verken motorstopp eller bagasjedropp. Og attmed meg sat verdas koseligaste argentinske jenta, Noelia. Ho inviterte meg rett og slett til å sova med seg i teltet sitt, og eg lærte aleinelekse nummer 4; ein seier ikkje nei til eit godt tilbud. Så sånn vart eg kjend med venninna hennar, dei galne venane til venninna hennar og halve campingplassen. Eg oppdaga og at i Argentina bør ein reisa med telt. Det er då ein møter alle dei tøffe argentinarane!
Og om eg ikkje forstod halvparten av alle vitsane som vart fortald (det er utrulig mykje lettare å forstå både ecuadorianarar, peruanarar og bolivianarar), hadde me det skikkelig fint! Og eg har fått nokon å besøka både i Rosario, Cordoba og ein ny ven å henga med i Buenos Aires.

Så er me komen til slutten, Salta. Eg ville helst avslutta turen med stil og la meg inn på eit Lonely Planet hostell. Der tok det meg omlag ti minutt og få ei venninna for å utforska byen, og om kvelden samla me saman ein gjeng for å eta middag. Lenge sidan argentinsk grillmat har smakt så godt! Nam, nam.

Konklusjon; det går an å reisa aleina sjølv om ein ikkje liker å vera aleina, det kan faktisk vera riktig så kjekt!

Monday, February 19, 2007

Snoestorm og daarlig sikt

Kven skulle tru at snoe og daarlig sikt skulle setja ein stoppar for oss i Bolivia? Eller eventuelt, kven er saa dum at dei trur paa reisebyraadama naar ho seier at det alltid er fint vaer om natta og sol om morgonen for saa aa skya over om ettermiddagen?


Dette var iallefall planen min;



Astrid-Sofie (Trygve og guiden vaar Miguel) soler seg i glansen og solskinet paa toppen av Huaina Potosí (6088 meter over havet).

Og det byrja bra! Me kom til base campen laurdag morgon, aat lunch og vart med guiden vaar til botnen av isbreen for aa oeva oss paa aa gaa med stegjern (crampones), bruka isoeks og for min del rappelera. Eg vart litt bekymra daa eg glad og letta kom meg opp (og ned) ca 10 meter og Miguel fortalde oss at for aa koma til toppen var det eit teknisk stykke paa 250 meter og 80 graders helling.. Hoho, kanskje difor turen var berekna paa folk med erfaring?

Uansett, "det uforutsette" byrja i 4-tida, natt til sundag. Eg vakna av at teltduken som hadde vore godt over ein meter over hovudet mitt no paa merkeleg vis hadde sunke ned til nokon faa klaustrofobiske centimeter. Eg forstod ikkje heilt kva som hadde skjedd foer Trygve vakna og fastslo at det snoedde. Han fekk rista vekk snoen og stramma teltduken slik at resten av natta gjekk forhaldsvis dramtikkfritt, sett vekk fraa at det meste vart lettare vaatt og eg fekk for meg at teltduken trengte eit spark eller tre minst ein gang i halvtimen og dermed nedprioriterte den gode nattesoevnen.

Paa grunn av litt ny, kram snoe, sko i str 44 (tunge!), hoegda og stor sekk vart oppstiginga til campo alto (5132m) litt tyngre enn berekna. Men guiden troesta meg med at han hadde maatta baera sekken opp til campen for andre turistar utan at det hadde hindra dei i aa naa toppen, med andre ord,- eg var klar som eit egg!

Natt til i dag, mandag, var det tid for den store styrkeproeven. Me stod opp klokka tolv om natta, aat litt frukost og halv eitt var me klare med plastikkstoevlar, stegjern, sikringstau, hovudlykter og isoekser. Det snoedde framleis tett, noko som foerde til at det var tungt aa gaa og naerast ingen sikt. Det var nermast som eg byrja aa tvila paa reisebyraadama.

Ein god time seinare var det avgjort, paa veg opp eit bratt heng (for aa koma oss vekk fraa alle dei tildekka issprekkene som var lenger nede paa isbreen) spurde eg guiden om det ikkje var fare for at all nysnoen paa toppen kom til aa rasa ned over oss. Jo, sa guiden. Og det var omtrent daa Trygve foreslo at me skulle snu, (eg hadde allereie spurd guiden om det same med gjentatte hoever). Og saann vart det. I staden for aa straala oss i glansen paa 6088 meter snudde me paa omlag 5400, ca 100 meter under den argentinske campen. Det er ingen skam aa snu i tide, men om eg nokon gong kjem meg tilbake til La Paz, har eg visittkortet og telefonnummeret til guiden. Eg har lyst aa koma meg opp paa toppen!!

Friday, February 16, 2007

Carnival y lago de Titicaca

Tenk aa kunna kombinera ein vannvittig, pulserande karnevalfest med den fasinerande, vakre Titicacasjoen! Eg er ikkje heilt sikker paa kva som imponerte meg mest, korleis dei fattige innbyggjarane i Puno klarer aa stabla i hop ein vekelang kostymeparade med dei mest fargerike og fasinerande kostymane eg har sett i mitt liv, eller korleis oeyfolket paa dei flyande oeyene kom paa at dei kunne byggja sine eigne oeyer for aa goeyma seg vekk fraa dei valdelige inkaene.. Kanskje det som imponerte meg mest er at folk framleis bur paa sine flytande oeyer, med solcellepanel og tv, og at ungane ror inn til Puno kvar dag for aa gaa paa skule. Eller korleis den litle tappen paa maks to aar klatra i stigar og master paa sivbaaten deira som om han skulle vore ein fullt vaksen sjoemann.



Og nok ein gang vart eg litt skremd over korleis sivilisasjonen sprer seg. Me overnatta hjaa ei koseleg gamal dama paa oeya Amanti, ho og mannen hadde inverstert i solcellepanel for aa faa straum, og no maatte dei betala rundt 200 kr i maananden i avdrag. For aa klara aa tjena inn dette beloepet har dei maatta opna huset for turistar. Saa medan mannen hennar bur mesteparten av tida i Puno for aa kapra turistar paa kaia der, set kona heime og venta paa turistane medan ho strikkar huer og vottar for aa selja som ei ekstra inntekt. Eg veit ikkje kva straumen vert brukt til, maten vart framleis laga paa vedovn og vatnet tappa rett fraa bekken. Me fekk kjeft daa me hadde lyset paa om kvelden for aa spela kort.

Ellers har eg sett steinen som gav liv til sola og maanen i fylgje inkafolket, og spelt floeyta paa ein fjelltopp paa isla del sol. No er eg i La Paz og har det fiiiint!

Monday, February 12, 2007

Thursday, February 08, 2007

Inkaland

Tenk aa ha ditt eige sjokoladetre i hagen? For ikkje aa snakka om ein kaffibusk, ein cocaplantasje, tobakkstre eller rett og slett verdas toeffaste buskvekst om ein liker aa mala seg raud i ansiktet. Sistnevnte er sant nok typisk for hoegjungelen, heller enn inkaland, men me var saa heldige aa faa oppleva begge delar paa vaar alternative spasertur til Maccu Piccu.

Og medan det forundrar meg at dei klarte aa finna ut korleis ein gjer kakaoboenna til sjokolade og brann kaffiboenna for aa laga kaffi, forstaar eg godt at inkaane byrja aa tygga cocablad, det er ikkje berre, berre aa klatra opp hundrevis av meter i naerare 3000 meters hoegde medan sola steiker.. Ein kan verta sliten av mindre! I tillegg til at inkaena var glade i musikk, og likte aa spela floyter. Eg har kjoept meg inkafloeyta hjaa lokal spelemann og maa sei at aa spela floeyta samstundes som ein gaar er endaa tyngre enn berre aa gaa. Det verste er imidlertidig at sjoelv om eg veit at den kan laga fin lyd, har eg framleis ikkje funne ut av hemmeligheten.



Saann generelt synst eg inkaene virker som eit veldig bra folk. Litt krigerske kanskje, men dei fekk gjort utrulig mykje utav dugnadsaand og arbeidsglede! Og dei tilbad perfeksjonismen, ein mann kunne gjerne jobba eit heilt liv med ein stein for aa faa den heilt perfekt. Paa den maaten fekk dei laga baade solur, "solportar", stjerneobservasjonshus og laboratorium. Samstundes som dei hadde sitt eige knutesystem som fungerte som eit skriftspraak. Alt dette vart sjoelvsagt forbudt av dei snille spanjolane.

Difor synst eg det er kjekt at cuscueñarane endelig faar vera stolte av opphavet sitt og kan visa fram kulturarva si til alle turistane som kjem. Og det er flott at det framleis finst folk som har quechua som sitt fyrste spraak, sjoelv om det vert litt vanskelegare for meg aa forstaa spansken deira. Alt i alt synst eg det er viktig aa tenka paa alle dei baerekraftige kulturane som vart knust av kolonismen,- lurer paa korleis Peru hadde sett ut i dag om dei hadde faatt utvikla seg utan innblanding?

Wednesday, January 31, 2007

antibiotika og mate de coca

Det er alltid spanande aa vera ute aa reisa, det er saa mange eksotiske sjukdommar der ute som berre venter paa ein nordmann til aa koma forbi saann at dei kan slaa seg laus.. Ein har dei kjedelige diaresjukdomane, som dei fleste reiseglade har opplevd og som eg difor ikkje gidd aa bruka mykje tid paa. Men saa har ein òg mange spanande betennelser og parasittsjukdomar. Til doemes klarte den uskuldige augebetenninga mi aa spre seg gjennom halve ansiktet og heilt ut til det eine oyera, saa no har eg levd ei veka som i ei luftbobla under vatn, utan aa hoeyra mestearten av det folk proever aa sei meg. Men etter to moete med det peruanske helsevesenet er eg no den glade eigar av 4 medisinar som skal takas forholdsvis kvar 6, 8 og 12 time. Det betyr sjoelvsagt at tankane mine stort sett surrar og snurrer rundt aa rekna ut neste medisin-tidspunkt, og proeva aa legga desse saann at eg iallefall faar meg 6 timar god nattesoevn..

Av andre eksotiske sjukdomar kan eg nevna hoegdesjuka som jo saa vidt vart nevndt i forrige avsnitt. Men no har eg oppdaga indianarhemmeligheten, saa den skal ikkje faa ta meg ein gang til. Vaare fyrste dagar her i Cuzco har stort sett gaatt ut paa aa ta medisin, bevega seg laaangsomt, sova og ikkje minst drikka mate de coca. I dag fann eg ut at for mykje mate de coca kanskje ikkje er saa bra i og med at eg vart baade litt svimmel og rar, men det kan jo og vera hoegda, det veit ein aldri.

Den mest eksotiske sjukdomen til no er likevel skabb. Eg var saa heldig aa verta kjend med to utrulig bra jenter paa hostellet mitt i Lima, men ein av dei siste dagane oppdaga Nikkie at ho hadde skabb, saa no gaar eg berre aa venter paa at eg skal sjaa spor av ekle parasittar paa armane mine òg.. Heldigvis skal det ikkje smitta saa lett, saa ein haaper paa at eg slepp unna med frykten!

Det beste er jo at til tross for alle desse (eller paa grunn av?) eksotiske sjukdomane, er det utrulig kjekt aa vera paa tur! Og det er ikkje til aa sjaa vekk fraa at eit samanklistra auga og usjarmerande utslett kan vera med paa aa halda vekke dei til tider plagsomme gringojaktarane. Og om eg ikkje hadde maatta oppsoeka gonzales klinikken hadde eg nok aldri sett soer amerika si stoerste samling av oelboksar (som til og med inneholdt 3 hansaboksar) eller den fasinerande "altmuligrart" utstillinga som ein kunne sjaa paa medan ein stod i koe.. Ein veldig god ide for norske sjukehus!

Og saann til slutt kan eg jo leggja til at allmenntilstanden er saerdeles bra, saa bra at me (Trygve og eg) har tenkt oss paa ein 4 dagars sykkel/gaatur til Maccu Piccu i morgon! Livet er med andre ord heilt allright!

Monday, January 22, 2007

Kortid foeler ein seg friare enn naar ein har pakka med seg alle tinga sine, og suser forbi dei vakraste strender, oeyer og klipper paa eit humpete lasteplan?

Det er nesten som at det ikkje gjorde noko at destinasjonen vaar (som var skjult bak ein faktaboks paa kartet i guideboka) aldri vart naadd og me endte opp paa nattbuss til Quito i staden. Det er nesten slik at det ikkje gjorde noko at dei spela combia heile natta, at dei skrudde opp lyden litt etter litt for kvart stopp, eller at oereproppane mine laag fint pakka nede i lasterommet. Det gjorde nesten heller ingenting at nokon frekke tjuvar opna sekken og stjal handduken og sovesingleten min. Berre saa synd at Quito ligg hoegt oppe i andnesfjella, og at mangel paa soevn/ro dei fyrste dagane kan foera til hoegdesjuke. Og det var nok kanskje ikkje saa lurt aa gaa ut fyrste kvelden. Iallefall ikkje om ein vil unngaa 2 dagar i typisk slapp tilstand utan evne til aa eta eller forlata senga.

Men, men.. Ein laerer jo tross alt av sine eigne feil, og i dag har eg klart aa stabla meg saapass til fots at eg har faatt sett det viktigaste av det viktigaste av turist-Quito, og eg har ein halv dag til i morgon, saa kanskje eg faar sett noko av det nest viktigaste.. :-)

Ellers maa eg sei at surfing er supergoey, men at sola rett under ekvator er skummel og kan foera til baade solbrenthet og augebetennelse.. Sann sett tryggare i hoegda!

Sunday, January 14, 2007

Ein cowboy kom ridande til byn..


Daa er eg altstaa tilbake igjen til sivilisasjonen etter 3 dagar i den Ecuadorianske fjellheimen. Og sjoelv om eg foeler meg litt generelt moerbanka etter lange dagar paa hesteryggen lengter eg allereie tilbake, og har byrja aa leika paa nytt med tanken om aa proeva aa verta gaucho (gaucha?) i Patagonia. For, det er ingen foelelse som er saa braa som aa galoppera bortover ein fjellsti, for saa aa sakka litt ned, helsa og snakka nokon ord med dei gamle damene (med typisk ecuadoriansk hatt og fargerike "sjal") og vinka til ungane som ser med beundring paa cowboyhatt og hest. Eg trur ikkje raud ferrari hadde vakt noko saerleg stoerre oppsikt.

Ellers vart eg naerast sett paa som ein sirkusattraksjon. Eit illustrerande eksempel kan vera naar me var paa besoek hjaa broren til guiden vaar (Pupu). Etter aa ha vist oss inn i stova si var det fyrste han spurde meg om kor tung eg var og derretter lurte han paa hoegda mi. Men han var ikkje fornoyd med dette saa han lurte paa om eg hadde fotokamera, kor mykje det kosta og saann i same slengen kor mykje klokka mi kosta. Naar han var ferdig med desse spoersmaala fortalde han oss om oksane sine, og soenane sine for saa til slutt aa konkludera besoeket med aa spoerra om eg kunne tenkja meg aa gifta meg med den eine soennen hans.. Ekstra morosamt naar eg tilfeldig endte opp med aa spela fotball med denne soennen seinare paa kvelden og ikkje heilt forstod kven det var foer eg spoerde han om han kjende sin eigen far..

No var nok baade guiden vaar og broren gode gamledagse bygdeoriginalar. Saann sett var det mykje meir interesant aa snakka med det ekteparet me sov hjaa fyrste natta. Mannen i huset, Felipe, var lokalpolitikar og hadde lyst aa leggja provinsen tilrette for turistar, medan kona Iness var ei typisk koselig gardsdama. Ho stilte opp med verdas beste oerret og dei inviterte oss til aa koma tilbake paa besoek kortid det skulle vera. Av andre eksotiske opplevingar (som ikkje burde vore eksotiske for meg) var cafe con leche med ordentlig kumelk rett fraa kua. Heilt aerleg smakte det nok litt for mykje ku for meg men det proevde eg aa halda for meg sjoelv.

Saann ellers vart eg veldig fasinert over kor likt fjellet her er med fjellet heima. Tilogmed husa likna paa gode gamledagse norske trehus. Og i 2500-3000 meters hoegde er klimaet rett under ekvator ganske likt med sumarfjellklimaet i Noreg.

Saann for aa avslutta eventyret vaart (og bli litt betre ven med ledd og musklar) tok med oss ein tur paa spa (spesialtilbud fraa han som solgte oss rideturen). Og om rideturen var ei reisa tilbake i tid, kan ein sei at spaen fortsatte i same tradisjonen. Me fekk gjoerma i ansiktet og vart satt opp i ein saann dampboks som dei har i Donald. Veldig festlig. Oda gjekk saa langt som aa kvalifisera det som ein sjuk, sjuk ting. Men no kjennes huda mi ut som babyhud, det er sol ute og eg er fornoygd og glad!!

Tuesday, January 09, 2007

Peru - Ecuador

Daa er eg altsaa komt meg ut paa tur! Moette Oda som planlagt i Lima, og saa reiste me til Huanchaco ein soet liten surfe-fiskarby litt lenger nord i Peru. Me var der eit par dagar og slappa av, festa og saag ein Moche-ruin (kulturelt alibi), men saa fekk me litt tidskrisepanikk saa no, etter eit og eit halvt doegn med bussing er me havna i Baños, Ecuador. Det er ein liten fjellandsby ved kanten av ein vulkan og er kjend for aa vera veldig naermt baade fjell og jungel samstundes som det er mange varme kjelder her som ein kan bada i. Eg er overlykkelig for aa vera i naerleiken av fjell etter gamalt, saa i morgon tidlig skal me paa ein 3 dagars ridetur i fjellheimen. Oda, meg og ein lokal guide. Trur det skal verta ei flott oppleving!

Ellers kan eg roepa at medan nord Peru var paa grensa til aa vera litt kjedelig (maa innroemmast at mesteparten vart forbikjoeyrd i nattbuss) verker Ecuador utrulig flott saa langt! Haaper berre ikkje me faar alt for daarlig tid, det er saa mange plassar aa besoeka!!