Friday, February 16, 2007

Carnival y lago de Titicaca

Tenk aa kunna kombinera ein vannvittig, pulserande karnevalfest med den fasinerande, vakre Titicacasjoen! Eg er ikkje heilt sikker paa kva som imponerte meg mest, korleis dei fattige innbyggjarane i Puno klarer aa stabla i hop ein vekelang kostymeparade med dei mest fargerike og fasinerande kostymane eg har sett i mitt liv, eller korleis oeyfolket paa dei flyande oeyene kom paa at dei kunne byggja sine eigne oeyer for aa goeyma seg vekk fraa dei valdelige inkaene.. Kanskje det som imponerte meg mest er at folk framleis bur paa sine flytande oeyer, med solcellepanel og tv, og at ungane ror inn til Puno kvar dag for aa gaa paa skule. Eller korleis den litle tappen paa maks to aar klatra i stigar og master paa sivbaaten deira som om han skulle vore ein fullt vaksen sjoemann.



Og nok ein gang vart eg litt skremd over korleis sivilisasjonen sprer seg. Me overnatta hjaa ei koseleg gamal dama paa oeya Amanti, ho og mannen hadde inverstert i solcellepanel for aa faa straum, og no maatte dei betala rundt 200 kr i maananden i avdrag. For aa klara aa tjena inn dette beloepet har dei maatta opna huset for turistar. Saa medan mannen hennar bur mesteparten av tida i Puno for aa kapra turistar paa kaia der, set kona heime og venta paa turistane medan ho strikkar huer og vottar for aa selja som ei ekstra inntekt. Eg veit ikkje kva straumen vert brukt til, maten vart framleis laga paa vedovn og vatnet tappa rett fraa bekken. Me fekk kjeft daa me hadde lyset paa om kvelden for aa spela kort.

Ellers har eg sett steinen som gav liv til sola og maanen i fylgje inkafolket, og spelt floeyta paa ein fjelltopp paa isla del sol. No er eg i La Paz og har det fiiiint!

No comments: