Tuesday, February 27, 2007

Går det an å reisa aleina utan å vera aleina?

Etter at Trygve forlot meg aleina og forvirra i La Paz, utan nokon større plan enn at eg skulle i retning Buenos Aires, auka kjekkleiken av å reisa aleina proposjonalt med tida. Heldigvis!

Mi reisa byrja med ein tre timars busstur, der eg var saa heldig aa sitja attmed ein militæroffiser som ikkje synst det var noko rart å leggja an på meg sjoelv om han var 45 år, hadde kona og to born.. No forstod eg ikkje heilt at han la an på meg før etter at han hadde hjelpt meg å finna hostellrom, vist meg rundt i heile Oruro og spandert lunch paa meg. Om kvelden gjekk eg ut for aa eta middag, aleina. Det viste seg aa vera lettare sagt enn gjort. Heile byen var i dvale etter karnevalet, og eg fann ikkje ein einaste restaurant. Då eg passerte hovudplazaen i byn ropte nokon etter meg, og eg (som ikkje hadde noko betre aa ta meg til) fann ut at eg skulle sjå kva dei ville. Det var to gutar i slutten av tenåra som sat og drakk øl. Eg slo meg ned i lag med dei, og fann ut kva Bolivianske ungdommar synst om baade USA sin posisjon i verda, miljøspørsmål og Evo Morales. Eg hadde det særdeles fint og vart nok ein gang overraska då han eine hadde lyst å vera med meg inn på hostellet mitt. Mi fyrste lekse som aleinereisande lært.

Neste etappe var ein åttetimars busstur til Uyuni. Lonely Planet fråråder å ta buss på denne røffe strekninga, men alle togbillettar var utsolgt og mine lokale heltar sa alle at det ikkje var noko problem. Det tok ikkje lang tid før eg var glad for at eg hadde fått meg vindaugsete. Bussen rista såpass at bagasje ramla ned i hovudet på folk rett som det var. Eg oppdaga og at bolivianarar må vera nokon av dei beste sovemenneska i verda, dei sov som steinar gjennom heile bussturen. Vel framme i Uyuni vart eg med på ein saltørkentur som gav meg vener til kveldens middag. Det er forresten veldig tøft med salt:


Ny dag, ny busstur. Eg kan leggja til at bussar i Bolivia stort sett enten går eller kjem fram til destinasjonen mellom 2 og 6 om natta. Berre for å vera sikre på å frårøva reisande all nattesvevn. Denne strekninga var litt verre enn den forrige, såpass at dei hadde byta ut buss med jeep. Som gringa hadde eg fått tildelt dobbel så stor plass som alle dei andre bak i jeep-bagasjerommet (mest sannsynleg betalt 10 gangar så mykje) og lærte lekse nummer to. Etter ein halvtime med dårleg samvit fordi eg hadde så god plass byta eg vekk setet mitt til ei mor som reiste med ein liten gut. Ho sa knapt nok takk, og eg angra meg bittert då eg oppdaga at hennar sete berre var eit halvt sete med ein metalldings som gnog seg opp i baken min. Etter tre timar var me framme i ein liten landsby der eg fekk beskjed om at neste buss gjekk om to timar. Fekk meg nokon gringovener og åt lunch med dei.

Eg fortsatte bussturen med gringovenane mine til den Bolivianske-Argentinske grensa (kun avgbrutt av eit totimars girkassesamanbrudd etterfulgt av ein time ståande på ny overfylt buss). Dei var veldig koselige og eg var glad for å kryssa grensa i godt selskap. Så glad at eg fann ut at eg kunne vera med dei heilt til Salta, men midt på natta fekk eg angst og innsåg aleinereiseleksa nr 3. Når ein reiser aleine har ein muligheten til å gjera kva ein vil, då kan ein ikkje reisa forbi ein av dei vakraste delane av Argentina berre fordi nokon andre ikkje synst det er verdt å sjå. Eg forlot bussen klokka tre om natta i ein landsby. Gringovenene mine synst nok eg var rarare enn rarast, men eg hadde ro i sjela. Heilt til eg oppdaga at det var fullt karneval igjen, nok ein gang vart eg dusja med både skum og vatn og hostellrom var ikkje å oppdriva. I firetida fann eg ut at nok fekk vera nok. Det var tid for hotell. Heldigvis for lommeboka mi viste det seg at det store hotellet med svømmebasseng var eit ordentlig spøkelseshotell. Det hadde nok vore eit ordentlig luksushotell på åttitalet, men no fekk eg meg aleinerom for 60 kroner. Med eige bad, varmt vatn, reine handdukar, balkong og frukost. Ikkje verst.

Ny dag, ny buss. Denne gangen ein ordentlig argentinsk buss, med plass til beina utan overhengande fare for verken motorstopp eller bagasjedropp. Og attmed meg sat verdas koseligaste argentinske jenta, Noelia. Ho inviterte meg rett og slett til å sova med seg i teltet sitt, og eg lærte aleinelekse nummer 4; ein seier ikkje nei til eit godt tilbud. Så sånn vart eg kjend med venninna hennar, dei galne venane til venninna hennar og halve campingplassen. Eg oppdaga og at i Argentina bør ein reisa med telt. Det er då ein møter alle dei tøffe argentinarane!
Og om eg ikkje forstod halvparten av alle vitsane som vart fortald (det er utrulig mykje lettare å forstå både ecuadorianarar, peruanarar og bolivianarar), hadde me det skikkelig fint! Og eg har fått nokon å besøka både i Rosario, Cordoba og ein ny ven å henga med i Buenos Aires.

Så er me komen til slutten, Salta. Eg ville helst avslutta turen med stil og la meg inn på eit Lonely Planet hostell. Der tok det meg omlag ti minutt og få ei venninna for å utforska byen, og om kvelden samla me saman ein gjeng for å eta middag. Lenge sidan argentinsk grillmat har smakt så godt! Nam, nam.

Konklusjon; det går an å reisa aleina sjølv om ein ikkje liker å vera aleina, det kan faktisk vera riktig så kjekt!

5 comments:

Astrid-Sofie said...

ps: Vel framme i BsAs no!

Unknown said...

Så fantastisk å høre om all moroa du har i Latinamerika! Alltid gøy å lese om hva du har gjort/lært. Håper studiene går bra framover også. :)

Anonymous said...

åååå astrid!!
her sitt æ i oslo å læs om dine eventyr. fantastisk fantastisk.
å en ting ska sies; DU E TØFF!!
når kjæm du hjem egentlig?

Astrid-Sofie said...

Hmm.. neste prosjekt er å få kjøpt flybillettar...hehe.. men kjem i slutten av juli/byrjinga august! :-)

Anonymous said...

eg skal i bryllaup i uganda 11.august, så om du kjem i slutten av juli, så er eg sikkert i Noreg! klem