Monday, February 19, 2007

Snoestorm og daarlig sikt

Kven skulle tru at snoe og daarlig sikt skulle setja ein stoppar for oss i Bolivia? Eller eventuelt, kven er saa dum at dei trur paa reisebyraadama naar ho seier at det alltid er fint vaer om natta og sol om morgonen for saa aa skya over om ettermiddagen?


Dette var iallefall planen min;



Astrid-Sofie (Trygve og guiden vaar Miguel) soler seg i glansen og solskinet paa toppen av Huaina Potosí (6088 meter over havet).

Og det byrja bra! Me kom til base campen laurdag morgon, aat lunch og vart med guiden vaar til botnen av isbreen for aa oeva oss paa aa gaa med stegjern (crampones), bruka isoeks og for min del rappelera. Eg vart litt bekymra daa eg glad og letta kom meg opp (og ned) ca 10 meter og Miguel fortalde oss at for aa koma til toppen var det eit teknisk stykke paa 250 meter og 80 graders helling.. Hoho, kanskje difor turen var berekna paa folk med erfaring?

Uansett, "det uforutsette" byrja i 4-tida, natt til sundag. Eg vakna av at teltduken som hadde vore godt over ein meter over hovudet mitt no paa merkeleg vis hadde sunke ned til nokon faa klaustrofobiske centimeter. Eg forstod ikkje heilt kva som hadde skjedd foer Trygve vakna og fastslo at det snoedde. Han fekk rista vekk snoen og stramma teltduken slik at resten av natta gjekk forhaldsvis dramtikkfritt, sett vekk fraa at det meste vart lettare vaatt og eg fekk for meg at teltduken trengte eit spark eller tre minst ein gang i halvtimen og dermed nedprioriterte den gode nattesoevnen.

Paa grunn av litt ny, kram snoe, sko i str 44 (tunge!), hoegda og stor sekk vart oppstiginga til campo alto (5132m) litt tyngre enn berekna. Men guiden troesta meg med at han hadde maatta baera sekken opp til campen for andre turistar utan at det hadde hindra dei i aa naa toppen, med andre ord,- eg var klar som eit egg!

Natt til i dag, mandag, var det tid for den store styrkeproeven. Me stod opp klokka tolv om natta, aat litt frukost og halv eitt var me klare med plastikkstoevlar, stegjern, sikringstau, hovudlykter og isoekser. Det snoedde framleis tett, noko som foerde til at det var tungt aa gaa og naerast ingen sikt. Det var nermast som eg byrja aa tvila paa reisebyraadama.

Ein god time seinare var det avgjort, paa veg opp eit bratt heng (for aa koma oss vekk fraa alle dei tildekka issprekkene som var lenger nede paa isbreen) spurde eg guiden om det ikkje var fare for at all nysnoen paa toppen kom til aa rasa ned over oss. Jo, sa guiden. Og det var omtrent daa Trygve foreslo at me skulle snu, (eg hadde allereie spurd guiden om det same med gjentatte hoever). Og saann vart det. I staden for aa straala oss i glansen paa 6088 meter snudde me paa omlag 5400, ca 100 meter under den argentinske campen. Det er ingen skam aa snu i tide, men om eg nokon gong kjem meg tilbake til La Paz, har eg visittkortet og telefonnummeret til guiden. Eg har lyst aa koma meg opp paa toppen!!

8 comments:

Trygve said...

Eg er uansett stolt av baade meg og deg! For andre folk som skulle finne paa aa stikke innom La Paz, er telefonnummeret til guiden 71979278 og han heiter Miguel Llusco. La Paz er doedsfett, eg skulle oenske eg hadde tid til aa vaere her meir! Kven blir med hit neste gong, for aa ta knekken paa Huayna Potosí?

Astrid-Sofie said...

Eg, eg, EEEEEGGGGG!!!!!!

Anonymous said...

Ég lika!

Sigurd-Inge said...

Spanande!!!!!
Bra de snudde-tungt å pusta i slik høgde?? De var TROSS ALT over dobbelt så høgt som Galhøgpiggen (24699 MOH).

Anonymous said...

Eg, eg, eg òg er med!! Og det er heilt seriøst, ikkje litt tull ein gong!

Og eg digger tegningen din asv!

Og eg veit at det må ha vore veldig tungt for deg å snu før toppen... (med tanke på din vanlege definisjon av ein bra tur er at ein kjem opp på ein topp.. eller kanskje det er berre gjeld Osterøy og bymarka?)

Anonymous said...

Og forresten.. ja, me kan vere eksamensleie ilag. Eg er endå ikkje ferdig den 12.. (og i dag var eksamen utruleg kjiiiiip.. :()

Astrid-Sofie said...

hehe, er redd for at den definisjonen gjeldt alltid.. :-) Men daa er me iallefall tre til neste ekspedisjon!!

Anonymous said...

GALNING! Eg er glad for å ha vorte informert etter at dette mot alle odds faktisk hadde gått bra. Får frysningar på ryggen. Og då skal eg få pes for å svømme på toppen av victoria fossen? hmmmm.... ikkje forståeleg.
Stor klem