Thursday, January 29, 2009

Høgdetrening

Det er litt morosamt å bu i høgda. Eg liker at det er ei eige oppskrift bakpå muffispakka for ulike høgder, og i dag fekk eg ei forklaring på korlies ein kan få brød til å heva nærare 3000 meter over havet. Og eg lurer på om den kalde kantinekaffien skuldast det lave kokepunktet eller om det er for å sleppa studentar som saksøker kantina for brente tunger?

Golden ligg berre på rundt 1700 meter over havet, så ein merker stort sett ikkje noko til høgda. Bortsett frå når ein etter å ha vore litt sjuk og slapp ei veka bestemmer seg for å legga ut på joggetur. Det gjekk bra ei god stund, så lenge at eg kom meg langt heimefrå og var ganske fornøyd med eigen form. Så slo høgda og kulda inn. Halsen vart full av slim og brystet snørte seg saman. Eg var kome meg så langt vekk at den varierande gåinga og småsprininga på heimvegen forsinka meg nok til at eg måtte gå på telemark-ski møte utan å dusja fyrst. Herrrrlig.

Det vert meir høgdetrening på laurdag, då skal eg stå på telemarkski for fyrste gang!

Saturday, January 24, 2009

For min eigen tryggleik.

Eg vart stoppa av politiet i dag. To politibilar kjøyrde inn på fortauet bak meg med blinkande lys og ba meg bli ståande og visa fram legitimasjonen min.

Vanligvis hadde eg nok vorte litt nervøs i ein liknande situasjon, men eg kunne ikkje halda låtten tilbake. Eg vart stoppa av to politibilar fordi Gorgeous, Christian og eg hadde lyst å sjå om me kunne måla kor fort me sprang med ein fartsmålar som er laga for bilar. Medan me sprang 30 meter midt i den aude gata, sneik politibilane seg inn bak oss, stoppa oss og gav oss ei skjennepreike fordi me sprang i vegen og ikkje brukte fortauet. Det var for vår eiga tryggleik.

Det imponerer meg at politiet var på plass akkurat i det augneblinket me gjorde noko uregelmessig, og det imponerer meg endå meir at dei brukte to bilar for å sjekka ut kvifor nokon raringar sprang midt i vegen. Og så forundrer det meg at det offentlige til tider er så utrulig opptatte av min sikkerhet, medan det er få ordningar som er til for å faktisk ta vare på tryggleiken til den enkelte. Som eit vilt forlsag kunne ein kanskje prioritert offentlige helsetjenester og trygdeordningar før ein satt inn ressurar på å stoppa studentar som tester ut korlies ein fartsmålar fungerer. For alle sin tryggleik.

Friday, January 16, 2009

Huset på prærien

Huset mitt som eg deler med to venezuliasnke studentar. Det er eit veldig fint, stort og koselig hus plassert passe sentralt 15-20 min gange frå campus. Det er ei slags sentraloppvarming så det er vanligvis varmt og godt, men når det bles går vinden tvers igjennom rommet mitt så eg må halda godt fast i dyna. Hi natta drøymde eg at sykkelen min reiv seg laus frå terassen og flaug rundt og knuste bilar i Golden så no har eg begynt å låsa den fast i rekkverket.

Thursday, January 15, 2009

Golden

Her kjem ein liten smakebit frå Golden. I går var eg oppe på ein av fothaugane (foothills) og det var ganske kult å sjå høgblokkene i Denver i eine retningen og fjell på fjell i andre. Frå toppen er det ikkje så vanskelig å sjå for seg cowboyar eller indianarar som rir nede i dalane og det er litt spanande at ein kan finna både bjørnar, hjort, fjell-løver (puma?) og klapperslangar i fjella her. I tillegg er det fyrste gang eg har sett vill kaktus omkransa av snø.



Golden sett ovanfrå, me hadde 20cm med snø for eit par dagar sidan, men som de ser har det meste smelta.


Utkant-Golden.


Ynglingshaugen min (og foreløbig den einaste eg har vore på).














Monday, January 12, 2009

Astrid-Sofie, the earlybird!

Hah, jet lag kan gjera utrulige ting sjølv med dei mest inngrodde B-menneske. Eg nyt fortida luksusen som fylgjer med min nye (sjølvdefinerte) A-menneske status.

Ulempen er sjølvsagt at eg byrjer å gjespa usjarmerande i 8-9 tida. Fordelane er mykje større!

Eg kan vera oppe så lenge eg vil (til ca 11) og eg vakner av meg sjølv i sjutida. I staden for å slumra i 20 min står eg opp 15 min før klokka ringer, og eg er på universitetet opp til ein halv time før eg strengt tatt må. På lørdag rangla eg skikklelig og la meg klokka halv to, når eg sov heilt til klokka 11 søndag hadde eg fått 9,5 timar søvn og var meir enn klar for å ta fatt på dagen.

Eg prøver å ikkje vera blærete, men eg må jo innrømma at eg liker å vera fyrstemann på lesesalen og ein skal ikkje sjå vekk for at eg ser overbærande på klokka når student nr 2 kjem gjespande inn døra. Sånn innerst inne innser eg at dette er for godt til å vera sant, så eg satser alt på å gjera mest mulig ut av det så lenge det varer.

Friday, January 09, 2009

Mitt fyrste møte med USA

Eg skjønte fyrst at eg var komen til USA då eg gjekk ut av flyet og såg dei staselige indianarhøvdingane på veggen, gamle svart kvitt bileter med stolte menn og kvinner, bratte naser og vasskjemma svart hår. Dette er ekte tenkte eg, ekte.

Etter indianarar kan ein ikkje anna enn å forventa at det var to smilande cowboyar som viste veg til sikkerhetssjekken. Og eg måtte smila for meg sjølv då eg iakttok cowboydama som viste meg kvar eg skulle stilla meg i kø. Kvit skjorte, semska skinnvest og cowboyhatt. Under cowboyhatten hadde ho pryda øyrene med store plastikk klipsøyredobbar som såg ut som bjørnar, øyenbryna var vakkert nappa og teikna opp på nytt ein halv cm høgare oppe, levis 501 buksa hang laust i livet og eg vart letta av å stadfesta at dei kvite jobbeskoa var av merket Nike. Så langt var USA som forventa.

...

Det eg er mest imponert over så langt er klisjemessig nok gjestfriheten til dei eg har møtt. Veiledaren min lot meg bu hjå han fram til eg hadde kome meg i orden i det nye huset mitt, ein kamerat av ein student på prosjektet mitt lånte meg utan å tvila ei diger ny seng som eg kan ha dei 4 månadane eg er her, og alle tilbyr seg å skyssa meg om eg treng hjelp til å flytta fleire møblar. I tillegg helser dei fleste deg med eit smil og spør korleis du har det. Det er ei høfleg frase men likevel trivelig. Eit anna utslag av amerikansk vennlighet er at den lokale babtistkyrkja arrangerer garasje give-away for internasjonale studentar kvar haust og at Ted låner vekk syklar gratis så lenge dei vert levert tilbake i god stand.

Som nykommar føler eg meg til tider ganske dum, som når eg trengte opplæring for å bruka den svære og gamle vaskemaskina eller ikkje heilt forstod at støvstugaren faktisk var ein støvsugar (og ikkje ein fancy teppevaskar). Ellers skulle eg gjerne hatt eit bilde av meg sjølv då eg forlot bussen i går og bar mine gigantiske bærenett bort til "drive-in"-minibanken for å ta ut pengar. Bilen som kom etter meg rista oppgitt på hovudet og det er ingen tvil om at eg er eit utskudd i bilens land. Sambuarane mine køyrer til univeristetet kvar dag sjølv om det er maks 15 minutt å gå og om ein har lyst å gjera innkjøp er det lite vits i å rusla ned til hovudgata. Golden er likevel ein sjarmerande liten by, så eg har trua på at det vert eit bra halvår. Følg med!