Thursday, January 29, 2009

Høgdetrening

Det er litt morosamt å bu i høgda. Eg liker at det er ei eige oppskrift bakpå muffispakka for ulike høgder, og i dag fekk eg ei forklaring på korlies ein kan få brød til å heva nærare 3000 meter over havet. Og eg lurer på om den kalde kantinekaffien skuldast det lave kokepunktet eller om det er for å sleppa studentar som saksøker kantina for brente tunger?

Golden ligg berre på rundt 1700 meter over havet, så ein merker stort sett ikkje noko til høgda. Bortsett frå når ein etter å ha vore litt sjuk og slapp ei veka bestemmer seg for å legga ut på joggetur. Det gjekk bra ei god stund, så lenge at eg kom meg langt heimefrå og var ganske fornøyd med eigen form. Så slo høgda og kulda inn. Halsen vart full av slim og brystet snørte seg saman. Eg var kome meg så langt vekk at den varierande gåinga og småsprininga på heimvegen forsinka meg nok til at eg måtte gå på telemark-ski møte utan å dusja fyrst. Herrrrlig.

Det vert meir høgdetrening på laurdag, då skal eg stå på telemarkski for fyrste gang!

1 comment:

Sigurd-Inge said...

Trur 1700 meter er høgt nok til å nyttast som høgdetreningsopphald framfor store utfordringar - t.d. skriving av masteroppgåve