Thursday, January 15, 2009

Golden

Her kjem ein liten smakebit frå Golden. I går var eg oppe på ein av fothaugane (foothills) og det var ganske kult å sjå høgblokkene i Denver i eine retningen og fjell på fjell i andre. Frå toppen er det ikkje så vanskelig å sjå for seg cowboyar eller indianarar som rir nede i dalane og det er litt spanande at ein kan finna både bjørnar, hjort, fjell-løver (puma?) og klapperslangar i fjella her. I tillegg er det fyrste gang eg har sett vill kaktus omkransa av snø.



Golden sett ovanfrå, me hadde 20cm med snø for eit par dagar sidan, men som de ser har det meste smelta.


Utkant-Golden.


Ynglingshaugen min (og foreløbig den einaste eg har vore på).














2 comments:

Anonymous said...

Nice! Ser kaldt og litt forlatt ut egentlig. Spøkelsesby, rett og slett.

Erik

Astrid-Sofie said...

Det er nok det. Om det ikkje hadde vore for universitetet hadde det ikkje vore så mange grunnar for å busetja seg i Golden. Gullgravinga er det jo for det meste slutt på. :)