Saturday, January 24, 2009

For min eigen tryggleik.

Eg vart stoppa av politiet i dag. To politibilar kjøyrde inn på fortauet bak meg med blinkande lys og ba meg bli ståande og visa fram legitimasjonen min.

Vanligvis hadde eg nok vorte litt nervøs i ein liknande situasjon, men eg kunne ikkje halda låtten tilbake. Eg vart stoppa av to politibilar fordi Gorgeous, Christian og eg hadde lyst å sjå om me kunne måla kor fort me sprang med ein fartsmålar som er laga for bilar. Medan me sprang 30 meter midt i den aude gata, sneik politibilane seg inn bak oss, stoppa oss og gav oss ei skjennepreike fordi me sprang i vegen og ikkje brukte fortauet. Det var for vår eiga tryggleik.

Det imponerer meg at politiet var på plass akkurat i det augneblinket me gjorde noko uregelmessig, og det imponerer meg endå meir at dei brukte to bilar for å sjekka ut kvifor nokon raringar sprang midt i vegen. Og så forundrer det meg at det offentlige til tider er så utrulig opptatte av min sikkerhet, medan det er få ordningar som er til for å faktisk ta vare på tryggleiken til den enkelte. Som eit vilt forlsag kunne ein kanskje prioritert offentlige helsetjenester og trygdeordningar før ein satt inn ressurar på å stoppa studentar som tester ut korlies ein fartsmålar fungerer. For alle sin tryggleik.

2 comments:

Christer said...

Men en veldig morsom historie ble det da uansett! :) Sprang du så fort at det blinka, eller var det ikke et kamera du løp forbi?

Astrid-Sofie said...

Ja, det var hylande morosamt..! Eg forstår ikkje at politiet klarte å halda seg alvorlig! hehe..

Det var ein sånn fartsmålar som du kan sjekka speedometeret til bilen med, så det var ingen kamera. Men me trudde ei stund at farten vår vart målt til 16 miles/time, men no mistenker eg at det var farten til dei snikande politibilane. :)