Thursday, February 26, 2009

Roadtrip med Christine

-Kven har ikkje lyst å bli henta av denne jenta her? Eg kan ikkje sei anna enn at eg gler meg til sumaren og håper på jevnlige besøk! :)


















Fine dagar som ikkje vert nytta til heseblesande sykkelturar kan altså gjerne nyttast til køyreturar. Ingenting er som å møta den amerikanske motorvegen i ein taklaus bil, medan håret flagrer og ein gauler med på teksten til Alanis Morisette, Skunk Anansie og Sinead O´connor! Me tok turen til Boulder, mest sannsynlig den mest kjente studentbyen i Colorado full av fleecevestar og syklistar. Dei har tilogmed ei eiga gågate, så det var ein koselig ettermiddag med butikktitting, root beer drikking (det smaker tyggis!) og luncheting. Nam. Og utrulig koselig å vera med Christine etter gamalt!

Boulder var faktisk så sjarmerande at når eg vart spurt om eg ville vera med tilbake torsdagskveld hadde eg ikkje sjans til å sei nei. Eg råna til Boulder med 7 latinoar og storkoste meg. Det var fyrste gangen eg var ute for å dansa i USA, så det var desto gøyare og absolutt verdt dei lettare kamuflerte gjespa mine på fredagen!

Sunday, February 15, 2009

Sykkeltur på ein søndag!

(Nb: Sterke tær-scener.)


Så kva gjer ein når ein etter ei uvanlig tett og snufsande veka endelig kan trekka pusten gjennom nasa og bestemma sjølv kortid ein har lyst å dra fram lommeduken?

Ein legg sjølvsagt ut på sykkeltur! Og for å sjekka i kor god stand lungene var etter den deprimerande stillesitjande (og liggjande) veka, fann eg ut at eg ville sykla opp til buffalo bill si grav omlag 400 m over Golden. Så etter nærare 1,5 timar sykling, kun forbikjørt av diverse SUVár og menn i kondomdrakt (eg sykla berre forbi ein bil, sjå bilde) var eg på toppen! Det vil sei, eg fann jo aldri den ordentlige toppen. Men utsikta var fin, med både Denver og Rocky mountains innan synsvidde:

Og sjølv om eg hadde med meg både fleecejakke, regnjakke, vottar, sjerf og hua klarte eg å bli fryktelig, fryktelig kald då eg sykla ned dei 400 meterane mine. Med hjelm og kvinande bremser noterte eg at eg nærast ikkje hadde kjensle verken i tær eller fingrar. Dette vart stadfesta då eg kom heim og tok av skoa, tre av fem tær på begge bein var gulkvite og kjenslelause. Eg er jo ikkje hypokonder for ingenting, så eg vart lettare bekymra og starta det tidkrevande arbeidet med å få liv i tærna mine.

Ei stund frykta eg at eg måtte amputera, og såg for meg kor latterlig det ville vore å mista fleire tær etter ein 3t sykkeltur. Det tok meg nærare ein time før eg letta kunne observera at alle tedna, inkludert høgre litletå hadde fått fargen tilbake. Ein herleg knallraud farge. Det var då eg såg meg i speilet. Munnen var mørkelilla, og ein kunne sjå alle blodårene mine på overarmane, dei danna eit tett mørkelilla edderkoppnett. Eg var overmåte fasinert, og synst det er fantastisk at eg vart kaldare enn eg kan hugsa å ha vore før etter ein liten sykkeltur. Forstå det den som kan!

Kulde

Gata mi ein av dei dagane det var smertefullt å ta ut handa av votten for å ta bilde.
Fasinerande damp frå eit kumlokk i Denver. Eg valde å vera turist ein av dei kaldaste dagane så langt, det var under -15 grader og me endte opp med å gå frå cafè til butikk til cafè til butikk. Men det kan jo vera ein koselig søndagsaktivitet det og! :)

Tuesday, February 03, 2009

Den uoffisielle Coors-turen

(Eller beviset på at politiet i Golden ikkje alltid får med seg alt som skjer.)

Golden er som de sikkert har forstått ein ganske liten og uviktig forstad. Men i eit tilfelle hevder den vesle uviktige forstaden seg i verdssamanheng, -verdas største bryggeri ligg nemlig i Golden!

Så noko av det fyrste eg gjorde som turist i Golden (i lag med Christine) var sjølvsagt å få ei omvising på bryggeriet. Og då har ein to å velga mellom. Den lange omvisinga der ein ser og lærer litt om korleis ein bygger øl og den korte der ein går rett til baren og får tre gratis øl rett frå tappekranen. Me var kulturelle nok til å gå for den lange, men eg må innrømma at eg hadde vanskelig for å tru at dette var verdas største bryggeri, det såg berre ikkje særleg stort ut!

Dette endra seg på søndag då me var ute på sykkeltur. Me bestemte oss for å fylgja elva mot Denver og sjå kvar me enda opp. Me sykla forbi Coors-bryggeriet utan å tenkja noko særleg over det og fortsatte på bilvegen ut av Golden. Eg stussa litt over at det ikkje var nokon andre bilar på den fine vegen, og eg stussa endå litt meir då den fine asfaltvegen var stengd av og me forstatte på ein jordveg. Me passerte mange spanande bygningar, togvogner og etter ei stund passerte me ein stor siloliknande bygning. Det var då me la merke til at det var 2m høge gjerder rundt oss på alle kantar, og at det var både ein stor motorveg og ein eigen sykkelsti på andre sida av gjerdet. Me var framleis inne på Coors sitt område! Me kikka litt nervøst rundt oss, men såg heldigvis ingen galne amerikanarar med hagle og heller ingen politi. Det var heller fredlig og ganske fint med fleire kunstige innsjøar (som mest sannsynlig vert brukt til brygging av øl), massevis av fuglar, kaninar og ekorn. Det byrja derimot å skumra, og jordvegen vår vart til togskinner. Me var litt usikker på kva ein gal amerikanar (med hagla sjølvsagt) kom til å gjera dersom me vart oppdaga milevis inne i Coors-land så me bestemte oss for å prøva å koma oss ut på den lovlige sida.

Det enda godt, eg pingla nesten ut som siste mann over det 2m høge gjerdet men tok meg saman og kom meg over. Tilbakevegen kjentes herleg lovleg og sulten byrja å melda seg. Kvelden vart avslutta på ein lokal pub med salat, potetsuppe, pizza, bringebæriste og super bowl. Sistnevnte var heller oppskrytt og uforståelig for min del, men eg lo då Bruce Springsteen sklei inn i kameraet og var generelt fornøyd med å ha gjort den lange uoffisielle Coors-turen.

Thursday, January 29, 2009

Høgdetrening

Det er litt morosamt å bu i høgda. Eg liker at det er ei eige oppskrift bakpå muffispakka for ulike høgder, og i dag fekk eg ei forklaring på korlies ein kan få brød til å heva nærare 3000 meter over havet. Og eg lurer på om den kalde kantinekaffien skuldast det lave kokepunktet eller om det er for å sleppa studentar som saksøker kantina for brente tunger?

Golden ligg berre på rundt 1700 meter over havet, så ein merker stort sett ikkje noko til høgda. Bortsett frå når ein etter å ha vore litt sjuk og slapp ei veka bestemmer seg for å legga ut på joggetur. Det gjekk bra ei god stund, så lenge at eg kom meg langt heimefrå og var ganske fornøyd med eigen form. Så slo høgda og kulda inn. Halsen vart full av slim og brystet snørte seg saman. Eg var kome meg så langt vekk at den varierande gåinga og småsprininga på heimvegen forsinka meg nok til at eg måtte gå på telemark-ski møte utan å dusja fyrst. Herrrrlig.

Det vert meir høgdetrening på laurdag, då skal eg stå på telemarkski for fyrste gang!

Saturday, January 24, 2009

For min eigen tryggleik.

Eg vart stoppa av politiet i dag. To politibilar kjøyrde inn på fortauet bak meg med blinkande lys og ba meg bli ståande og visa fram legitimasjonen min.

Vanligvis hadde eg nok vorte litt nervøs i ein liknande situasjon, men eg kunne ikkje halda låtten tilbake. Eg vart stoppa av to politibilar fordi Gorgeous, Christian og eg hadde lyst å sjå om me kunne måla kor fort me sprang med ein fartsmålar som er laga for bilar. Medan me sprang 30 meter midt i den aude gata, sneik politibilane seg inn bak oss, stoppa oss og gav oss ei skjennepreike fordi me sprang i vegen og ikkje brukte fortauet. Det var for vår eiga tryggleik.

Det imponerer meg at politiet var på plass akkurat i det augneblinket me gjorde noko uregelmessig, og det imponerer meg endå meir at dei brukte to bilar for å sjekka ut kvifor nokon raringar sprang midt i vegen. Og så forundrer det meg at det offentlige til tider er så utrulig opptatte av min sikkerhet, medan det er få ordningar som er til for å faktisk ta vare på tryggleiken til den enkelte. Som eit vilt forlsag kunne ein kanskje prioritert offentlige helsetjenester og trygdeordningar før ein satt inn ressurar på å stoppa studentar som tester ut korlies ein fartsmålar fungerer. For alle sin tryggleik.

Friday, January 16, 2009

Huset på prærien

Huset mitt som eg deler med to venezuliasnke studentar. Det er eit veldig fint, stort og koselig hus plassert passe sentralt 15-20 min gange frå campus. Det er ei slags sentraloppvarming så det er vanligvis varmt og godt, men når det bles går vinden tvers igjennom rommet mitt så eg må halda godt fast i dyna. Hi natta drøymde eg at sykkelen min reiv seg laus frå terassen og flaug rundt og knuste bilar i Golden så no har eg begynt å låsa den fast i rekkverket.

Thursday, January 15, 2009

Golden

Her kjem ein liten smakebit frå Golden. I går var eg oppe på ein av fothaugane (foothills) og det var ganske kult å sjå høgblokkene i Denver i eine retningen og fjell på fjell i andre. Frå toppen er det ikkje så vanskelig å sjå for seg cowboyar eller indianarar som rir nede i dalane og det er litt spanande at ein kan finna både bjørnar, hjort, fjell-løver (puma?) og klapperslangar i fjella her. I tillegg er det fyrste gang eg har sett vill kaktus omkransa av snø.



Golden sett ovanfrå, me hadde 20cm med snø for eit par dagar sidan, men som de ser har det meste smelta.


Utkant-Golden.


Ynglingshaugen min (og foreløbig den einaste eg har vore på).














Monday, January 12, 2009

Astrid-Sofie, the earlybird!

Hah, jet lag kan gjera utrulige ting sjølv med dei mest inngrodde B-menneske. Eg nyt fortida luksusen som fylgjer med min nye (sjølvdefinerte) A-menneske status.

Ulempen er sjølvsagt at eg byrjer å gjespa usjarmerande i 8-9 tida. Fordelane er mykje større!

Eg kan vera oppe så lenge eg vil (til ca 11) og eg vakner av meg sjølv i sjutida. I staden for å slumra i 20 min står eg opp 15 min før klokka ringer, og eg er på universitetet opp til ein halv time før eg strengt tatt må. På lørdag rangla eg skikklelig og la meg klokka halv to, når eg sov heilt til klokka 11 søndag hadde eg fått 9,5 timar søvn og var meir enn klar for å ta fatt på dagen.

Eg prøver å ikkje vera blærete, men eg må jo innrømma at eg liker å vera fyrstemann på lesesalen og ein skal ikkje sjå vekk for at eg ser overbærande på klokka når student nr 2 kjem gjespande inn døra. Sånn innerst inne innser eg at dette er for godt til å vera sant, så eg satser alt på å gjera mest mulig ut av det så lenge det varer.