Tuesday, July 10, 2007

Forseinka julefeiring

I går snødde det i Buenos Aires!! Karla satte på julemusikk og me dansa og var glade. Det er visst 89 år sidan sist, så me var ikkje dei einaste som var nøgde! Diverre fekk eg aldri sett snøen på bakken, er usikker på om det er fordi den aldri la seg i gata mi (lenger kom eg meg ikkje i og med at dagen var satt av til å studera) eller om eg stod for seint opp i dag. Uansett; klimamessig har året vore ein knallsuksess, med både ekstreme haglvær og snø, fagmessig trur eg at eg er på veg mot eit nytt sjølvmord, men det kan eg skriva meir om dersom eg overlever eksamen i morgon.

Saturday, July 07, 2007

Ein ganske vanlig, men herleg dag!

I dag skin sola. Det er eigentleg ikkje uvanlig, men i dag skin den så overbevisande at temperaturen har bestemt seg for å krypa opp mot 20 grader. Det er ein fin dag! For meg vart den ekstra fin fordi eg har levert inn siste skriftlige innlevering i eit fag og stått på deleksamen i det andre. To gode nyhender på ein herleg dag.

Sidan det er ein herleg dag, bestemte eg meg for å spasera litt på costa nera før eg tok bussen heim frå universitetet. Eg gjekk og naut stilla og såg utover elva, heilt til eg vart avbrutt av lyden frå eit fly som tok av. Eg innsåg at eg spaserte langs ein 8 felts veg og vart atter ein gang forundra over kor relativ definisjonen av stilleheit er.

Ja, ja.. No har eg 2 eksamenar att og så er det adios UBA. Kjem heim den 28/7 så då er eg klar for å sjå deko alle att! Men inntil då koser eg meg her og satser på fleire herlege dagar!