Tuesday, February 03, 2009

Den uoffisielle Coors-turen

(Eller beviset på at politiet i Golden ikkje alltid får med seg alt som skjer.)

Golden er som de sikkert har forstått ein ganske liten og uviktig forstad. Men i eit tilfelle hevder den vesle uviktige forstaden seg i verdssamanheng, -verdas største bryggeri ligg nemlig i Golden!

Så noko av det fyrste eg gjorde som turist i Golden (i lag med Christine) var sjølvsagt å få ei omvising på bryggeriet. Og då har ein to å velga mellom. Den lange omvisinga der ein ser og lærer litt om korleis ein bygger øl og den korte der ein går rett til baren og får tre gratis øl rett frå tappekranen. Me var kulturelle nok til å gå for den lange, men eg må innrømma at eg hadde vanskelig for å tru at dette var verdas største bryggeri, det såg berre ikkje særleg stort ut!

Dette endra seg på søndag då me var ute på sykkeltur. Me bestemte oss for å fylgja elva mot Denver og sjå kvar me enda opp. Me sykla forbi Coors-bryggeriet utan å tenkja noko særleg over det og fortsatte på bilvegen ut av Golden. Eg stussa litt over at det ikkje var nokon andre bilar på den fine vegen, og eg stussa endå litt meir då den fine asfaltvegen var stengd av og me forstatte på ein jordveg. Me passerte mange spanande bygningar, togvogner og etter ei stund passerte me ein stor siloliknande bygning. Det var då me la merke til at det var 2m høge gjerder rundt oss på alle kantar, og at det var både ein stor motorveg og ein eigen sykkelsti på andre sida av gjerdet. Me var framleis inne på Coors sitt område! Me kikka litt nervøst rundt oss, men såg heldigvis ingen galne amerikanarar med hagle og heller ingen politi. Det var heller fredlig og ganske fint med fleire kunstige innsjøar (som mest sannsynlig vert brukt til brygging av øl), massevis av fuglar, kaninar og ekorn. Det byrja derimot å skumra, og jordvegen vår vart til togskinner. Me var litt usikker på kva ein gal amerikanar (med hagla sjølvsagt) kom til å gjera dersom me vart oppdaga milevis inne i Coors-land så me bestemte oss for å prøva å koma oss ut på den lovlige sida.

Det enda godt, eg pingla nesten ut som siste mann over det 2m høge gjerdet men tok meg saman og kom meg over. Tilbakevegen kjentes herleg lovleg og sulten byrja å melda seg. Kvelden vart avslutta på ein lokal pub med salat, potetsuppe, pizza, bringebæriste og super bowl. Sistnevnte var heller oppskrytt og uforståelig for min del, men eg lo då Bruce Springsteen sklei inn i kameraet og var generelt fornøyd med å ha gjort den lange uoffisielle Coors-turen.

1 comment:

Sigurd-Inge said...

Brue Springsteen skal ha 2 konserter i Bergen 9. og 10. juni - scene rett utanfor kontoret mitt så kanskje du må booka om flyet frå BA?