Fine dagar som ikkje vert nytta til heseblesande sykkelturar kan altså gjerne nyttast til køyreturar. Ingenting er som å møta den amerikanske motorvegen i ein taklaus bil, medan håret flagrer og ein gauler med på teksten til Alanis Morisette, Skunk Anansie og Sinead O´connor! Me tok turen til Boulder, mest sannsynlig den mest kjente studentbyen i Colorado full av fleecevestar og syklistar. Dei har tilogmed ei eiga gågate, så det var ein koselig ettermiddag med butikktitting, root beer drikking (det smaker tyggis!) og luncheting. Nam. Og utrulig koselig å vera med Christine etter gamalt!
Boulder var faktisk så sjarmerande at når eg vart spurt om eg ville vera med tilbake torsdagskveld hadde eg ikkje sjans til å sei nei. Eg råna til Boulder med 7 latinoar og storkoste meg. Det var fyrste gangen eg var ute for å dansa i USA, så det var desto gøyare og absolutt verdt dei lettare kamuflerte gjespa mine på fredagen!
1 comment:
Kva er vitsen med preview når det ikkje ser likt ut når ein publiserer? Det er på tide å gje opp, så berre sjå vekk frå dårlig layout. :)
Post a Comment