Wednesday, January 31, 2007

antibiotika og mate de coca

Det er alltid spanande aa vera ute aa reisa, det er saa mange eksotiske sjukdommar der ute som berre venter paa ein nordmann til aa koma forbi saann at dei kan slaa seg laus.. Ein har dei kjedelige diaresjukdomane, som dei fleste reiseglade har opplevd og som eg difor ikkje gidd aa bruka mykje tid paa. Men saa har ein òg mange spanande betennelser og parasittsjukdomar. Til doemes klarte den uskuldige augebetenninga mi aa spre seg gjennom halve ansiktet og heilt ut til det eine oyera, saa no har eg levd ei veka som i ei luftbobla under vatn, utan aa hoeyra mestearten av det folk proever aa sei meg. Men etter to moete med det peruanske helsevesenet er eg no den glade eigar av 4 medisinar som skal takas forholdsvis kvar 6, 8 og 12 time. Det betyr sjoelvsagt at tankane mine stort sett surrar og snurrer rundt aa rekna ut neste medisin-tidspunkt, og proeva aa legga desse saann at eg iallefall faar meg 6 timar god nattesoevn..

Av andre eksotiske sjukdomar kan eg nevna hoegdesjuka som jo saa vidt vart nevndt i forrige avsnitt. Men no har eg oppdaga indianarhemmeligheten, saa den skal ikkje faa ta meg ein gang til. Vaare fyrste dagar her i Cuzco har stort sett gaatt ut paa aa ta medisin, bevega seg laaangsomt, sova og ikkje minst drikka mate de coca. I dag fann eg ut at for mykje mate de coca kanskje ikkje er saa bra i og med at eg vart baade litt svimmel og rar, men det kan jo og vera hoegda, det veit ein aldri.

Den mest eksotiske sjukdomen til no er likevel skabb. Eg var saa heldig aa verta kjend med to utrulig bra jenter paa hostellet mitt i Lima, men ein av dei siste dagane oppdaga Nikkie at ho hadde skabb, saa no gaar eg berre aa venter paa at eg skal sjaa spor av ekle parasittar paa armane mine òg.. Heldigvis skal det ikkje smitta saa lett, saa ein haaper paa at eg slepp unna med frykten!

Det beste er jo at til tross for alle desse (eller paa grunn av?) eksotiske sjukdomane, er det utrulig kjekt aa vera paa tur! Og det er ikkje til aa sjaa vekk fraa at eit samanklistra auga og usjarmerande utslett kan vera med paa aa halda vekke dei til tider plagsomme gringojaktarane. Og om eg ikkje hadde maatta oppsoeka gonzales klinikken hadde eg nok aldri sett soer amerika si stoerste samling av oelboksar (som til og med inneholdt 3 hansaboksar) eller den fasinerande "altmuligrart" utstillinga som ein kunne sjaa paa medan ein stod i koe.. Ein veldig god ide for norske sjukehus!

Og saann til slutt kan eg jo leggja til at allmenntilstanden er saerdeles bra, saa bra at me (Trygve og eg) har tenkt oss paa ein 4 dagars sykkel/gaatur til Maccu Piccu i morgon! Livet er med andre ord heilt allright!

2 comments:

Sigurd-Inge said...

Oj - veldig bra med den siste setningen! Venta lenge på reisebrev no og så las eg med aukande angst om den eine plaga etter den andre. Forsto at du såvidt hadde krefter til å klora meldinga inn på bloggen så det vart HURRA! når eg forsto at allmenntilstanden og humøret var på topp likevel.......

Astrid-Sofie said...

hehe.. maa jo overdriva litt for aa faa ei god historie.. :-)