Monday, May 14, 2007

Orden.

Nyklupt haar og eit fag mindre. Eit meir organisert hovude og ein tommare timeplan. Eg trur det er positivt. Eg har laant ei Frode Grytten bok av Trygve og irriterer meg over at han skriv vi og gikk, medan han er kjend for aa vera ein nynorskforfattar. I dag vaska eg badet, rydda i kleda mine, vaska opp, rydda leiligheten, vaska klede og gjekk paa internettkafe. I kveld skal eg lesa.
Orden.
Eg trur det gaar bra berre eg rydder opp litt. Karla er sjuk. Hoeg feber og svettetokter. Doktoren sa at det er viktig aa lufta ut virusa. Eg lufter, Karla frys. Om eg vert sjuk kjem eg til aa angra paa at eg ikkje leste i helga, men helger er koseligare om ein ikkje les. No skal eg kjoepa mat og henta Karla sine klede paa vaskeriet. Venter til i morgon med aa levera mine, eg skal trena fyrst.

2 comments:

Anne-Thora said...

Det gledar hjarta mitt at du også er einig i at Frode Grytten sitt språk er ei skam for nynorsken og at han er eit klart samnorsk offer. Sidan du freistar å framstå som språkmedviten, bør du kanskje også merke deg at hovud stavast utan e i ubestemt eintal.
Elles var det kjekt å lesa frå deg att!
Eg skal skrive ferdig bacheloroppgåva mi i kveld, så eg, druene, sjokoladen, jordbæra, rett i koppen, kjeksa og den store posen med nescafe sit her og kosar oss. Trur snart eg kjem til å få deformert bakdel og hard hud på fingertuppane av dette studenttilveret. Usj.
Når oppgåva er inne, har eg nøyaktig fire dagar til å lese meg opp på politisk økonomi(3000 siders pensum). Det skal verte artig. Alltid kjekt med utfordringar i kvardagen!
Klem frå meg

Anonymous said...

OG mine kjære børn "kjegles ikke thi gi hverandre heller en lusing"; ...Infinitivsendinga kan velgjast: enten a eller e, men ikkje begge deler i same tekst.
Moralen er: Hovemod utan e står for fall
klem mamma