Thursday, June 14, 2007

Vinter

Det er vinter i Buenos Aires, iallefall sein, sein haust. Temperaturen ligg i underkant av ti grader og det er kaldt og guffent. Eg er forkjølt og trur eg har litt feber, sit i leiligheita med ullabbar, skjerf og pledd og synst aldri så lite synd på meg sjølv. Ute er det grått og eg ser vinden som ruskar i trea, det er uvær på veg. Heldigvis har eg funne fram til Arnhild sin Emiliete, gjort eit par små endringar og kome fram til den perfekte forkjølelsesteen:

skiver av fersk ingefær
svart pepper
kanel
honning
melk
svart te
kokande heitt vatn

.. og dersom ein vil ha litt ekstra guff kan ein eventuelt hiva oppi litt chili!

Karla ler av meg og seier at eg drikk suppa, ikkje te. Det bryr eg meg derimot ikkje mykje om, kva veit vel mexicanarar om forkjølelseste?

4 comments:

Erik said...

Me får ta ein te-kveld i Trondheim:-)

Astrid-Sofie said...

Ja, det må me! :-)

Anonymous said...

får æg være med? æg har lært te-drikking av en erfaren og avslappa østerriker! ligg rett ut med tekoppen på magen - og rør dæg minst mulig. fantastisk avslappanes!

Astrid-Sofie said...

sjølvsagt skal du få vera med!! :-) Og eg er veldig interresert i å læra tedrikking på østerrisk vis!