Saturday, November 25, 2006

Feijoada

No kunne eg vald å skriva om kor vondt eg får i magen når eg tenkjer på at eg skal ha to eller tre muntlige eksamenar og desto fleire skriftlige, kor merkelig eksamenssystemet er eller kor utrulig mykje eg må lesa før torsdag om eg skal koma meg igjennom pensum til deleksamenen.. Og om ikkje Vinícius hadde spurt meg om han kunne koma på besøk å laga feijoada, kunne nok helga mi fort vorte til ei bekymringsfull lesehelg..

Heldigvis (eller uheldigvis alt etter korleis ein ser det) sa eg altså ja til å få besøk, og det heile endte med eit stort lønsjselskap som varte frå klokka elleve om morgonen til halv sju om kvelden. Og det var såpass kjekt at eg ikkje orka å bry meg med at eg eigentleg hadde satt av iallefall halve dagen til lesing. Me var faktisk så mange som 13(!) til bords (det einaste ulovelige antalet i fylgje Alicia.. ) for å eta den brasilianske nasjonalretten feijoada.. Og for dei som ikkje veit det er feijoada ein rett med mykje svarte bønner og kjøtt frå stort sett ein heil gris.. :-) I vårt tilfelle litt oksekjøtt óg (me er jo tross alt i Argentina), men altså veldig, veldig godt! Og veldig, veldig koselig! Det endte med at Alicia og José tok over showet og stilte med alfajores, eit søtt julebrød og 3 forskjellige likørar.. I tillegg til at dei spurte alle om dei hadde ein plass å feira jul, og tilbydde dei som ikkje hadde det å koma til oss.. :-) Dei er så søte og snille!

Så mi einaste bekymring no (om ein ser vekk frå "Skolen, denne drepende kjedelige institusjonen" - sitat Erik) er at omtrent alle venane mine reiser heim til landa sine rett etter jul.. Så då er det "på an igjen.. ".

Men no, etter å ha rydda opp frå lunchen og sjekka mail, er det faktisk på tide å gjera seg klar til teater.. Høyrde eg nokon sei at eksamensperioden var ei kjedelig tid?


5 comments:

Anonymous said...

vel. eg trur eg er for full til et koherent svar. telle det?

Astrid-Sofie said...

He, he.. Eg trur eg er for edru til eit passande svar,- men det må vel tella det?? :-) Helsing Astrid-Sofie (som har lest i mange timar og har planar om å lesa i dobbelt så mange timar til.. )

Anonymous said...

Bra, da ska vera litt stritt før jul - snart torsdag...

Anonymous said...

Gracias!
No entendi o escribiste. Pero fué un dia muy agradable.

Túlio said...

Astrid, no entendí nada solo FEIJOADA. Tambien tengo un blog, pero en portugués... probablemente vos no entenderás nada, pero bueno... jajaja
beso!