Monday, November 13, 2006

sumarferiehelg

For ei fantastisk flott helg!
På fredag reiste eg til La Plata, hovudstaden i provinsen Buenos Aires, ein liten søt by med omtrent like mange innbyggjarar som Oslo.. Nokon chileanske venar av Katrin inviterte meg på grilling for å diskutera norsk hardrock/death metal med ein nordmann. Om dei var så veldig heldige med valet av nordmannen (meg) er eg litt usikker på, men eg kunne iallefall nikka bekreftande når eg høyrdte eit par bandnamn og til mi store overrasking var gåte eit av desse.. :-) Grillinga var nok omtrent så typisk argentinsk som den kan bli, klokka halv to (om natta) var maten klar og eg prisa meg lukkeleg for at eg hadde ete to grovbrødskiver før eg reiste heimanfrå. Uansett var det ein fantastisk fin kveld, og eg fekk mange nye bekjente som har lyst å sova hjå meg når dei reiser til BsAs.. Så får me sjå om Alicia er så glad for det! :-)

Laurdag var det sightseeing i La Plata, og for fyrste gang såg eg Cartonerarar med hest! (sjå: http://www.caballosenlaciudad.com.ar/) Cartonerane er dei som går gjennom bosset som husstandane set ut på pålar i gata, sorterer ut alt som har verdi; papir, flasker, metall, møblar++ Og sel det til dei som er villig til å betala for det.. Eg er veldig fasinert over dette "systemet" og kjem sikkert til å skriva meir om det ein annan gang! Til dømes er det eit gratis tog som cartonerane kan ta om natta ut av byen, og det toget er det skumlaste toget eg nokon gang har sett. Alle vindaugene er knust, og det er heilt ihjelrusta, fyrste gangen eg såg det trudde eg nesten det var eit spøkelsestog! Åj, dette vart ein stor digresjon.. Bortsett frå Cartonerar med hest (som La Plata offisielt ikkje reklamerer med.. ) såg me katedralen som er nærast ein kopi av katedralen i Köln, eit sykkelrace, ein veldig fin park og to fotballstadion som ikkje er i bruk lenger fordi tribunene (iallefall på det eine) raste ned under ein kamp. Det som eg synst var mest fasinerande med La Plata (som er ein liten uviktig by som ingen eigentleg reiser til) er at det var utrulig mykje grønt. Byen er gjennomplanlagt, og for kvar 7 (eller 8ande) gate er det ein plaza, medan alle gatene stort sett har trær på begge sider av vegen slik at oppanfrå ser det meir ut som ein skog enn ei gate. I tillegg var det få høge bygningar og bilane kjøyrde kanskje litt meir skapeleg enn i kapital..

For å toppa turistsumarferiehelga mi inviterte Alicia og José heile gjengen (som no består av Hugo, Emilie, Jennifer og Patrick (USA), Fred (Sveits) og meg) til marknaden i Mataderos som er det finaste markedet eg har vore på i BsAs så langt! Så i nærmare 30 varmegrader gjekk eg til innkjøp av årets fyrste julegåver! :-) Synd at eg ikkje hadde med meg så mykje pengar, for dei hadde nesten nok fine ting til å gjera ferdig alle julegåvene på ein dag.. hehe..

Men no er det klart for ei ny veka, og eg har ikkje stort meir tid enn eg treng for å få gjort spanskleksene mine før timen!

1 comment:

Erik said...

Heisann! Høres moro ut! Ferie, mmm, digg! Skole, mindre digg...