Sunday, August 06, 2006

Betre seint enn aldri!

Ette 2.5 veker i Buenos Aires har eg altsaa klart aa ta meg saman aa bruka dei 5 minutta som trengs paa aa oppretta ein blog.. Utrulig..

Det er forsaavidt mykje som har skjedd desse vekene som kunne ha fortjent ein liten plass her. Eg kunne til doemes ha fortald om den lange reisa, fyrste intrykket mitt av familien eg bur hjaa, fyrste intrykket mitt av Buenos Aires (som er gigantisk svaer), kor koseleg det var aa moeta Ole Martin og Trygve etter aa ha vore to dagar "aleine" i BA, korleis eg kom ein dag for seint til aa faa vera med paa spraakskulen til UBA, men fann meg ein anna som er mindre (og har koselegare laerarar?), korleis det foeltes aa ha min fyrste "ordentlege samtale" paa spansk, om daa joggeturen min i nabolaget vart til eit orienteringsloep der eg kappsprang med moerket og ikkje minst om daa himmelen opna seg over BA og det hagla ned livsfarlege hagl i 5cm-diametersklassen som oeydela taxiar for millionar og skada 14 menneske (og om kor utrulig usannsynleg vaat eg var den dagen).

Men det kunne sikkert nesten vorte ei lita bok allereie saa eg skal noeya meg med aa fortelja litt generelt om BA saann som eg opplever byen. Eg bur hjaa ein familie i ein bydel litt utafor sentrum (20min m tog og 30 min m subte), dei er veldig koselege og eg faar ovd mykje spansk.. Ellers har eg eit bra intrykk av Argentinarar, eg er litt overraska av at dei fleste ikkje snakker med framande paa buss/subte/tog slik som eg trudde alle utanfor Norge gjorde. Generelt synst eg at Argentinarar er litt lave, paa same maate som dei synst eg er usannsynleg hoeg. I motsetning til Trygve har eg sett mange argentinarar med briller, og dei fleste gutane har litt halvlangt haar, helst litt tendens til hockey, og alle er eigentleg meir "trendy" enn eg hadde forventa.. Men det er gruelig kaldt her! Eg har budd i ullunderty, stilongs, ull ditt og ull datt men likevel frose meg halvt i hel.. Det er nemlig ikkje ofte nok kaldt her til at ovnar og innandoers oppvarming er eit stort satningsomraade.. Heldigvis er det litt varmare i gaar og i dag..

Og naar me fyrst snakker om i gaar kan eg jo fortelja om mitt fyrste besoek i provinsane til Buenos Aires. Det bur 3 mill menneske i BA, i tillegg bur det mangfoldige menneske i omraada rundt byen. Omraada rundt BA er generelt fattigare enn sjolve byen, og medan mange fraa provinsane reiser inn til BA for aa arbeida, har eg inntrykk at det er veldig faa fra BA som reiser ut til provinsane visst dei ikkje maa. Eg var altsaa ute aa dansa med Patricia (telefondama til Trygve) paa favoritt bolitchen hennar. Det var ein veldig koselig uteplass med bra musikk, biljard, latterlig billig oel, masse kjekke folk (Patricia kjente omtrent alle) og best av alt; dei aller fleste gutane var veldig flink aa dansa salsa! (Ein slags forenkla og meir "rocka" versjon som passa meg veldig bra). Iallefall, eg hadde det utrulig artig eg, og alt var vel aa bra til eg i 4-tida fann ut at det kunne vera lurt aa koma seg heim. Taxiane koeyrer ikkje ut i provinsane, dei har nokon eigne firma som formidler transport som dei kaller Remiser. Uansett. Haaplaust aa faa taxi og totalt haaplaust aa faa tak i Remis, Patricia ringte 1000 ganger og eg det same. Det skulle aldri ta meir enn 15 min, men dei kom aldri. Til slutt endte det med at eg tok buss inn til byn i 9-tida, tok taxi fraa byn og kom meg heim i 10-tida.. Saa i dag stod eg opp klokka fire og foeler meg ganske troett. Det dummeste er at eg eigentleg skulle paa eit marked med to fraa spraakskulen min kl 2, men det vart det ikkje noko av. Ja, ja..

hehe, sjoelv om eg nesten nett er staatt opp naermer det seg faktisk middagstid.. Og eg som tenkte eg skulle oeva litt spansk saann at eg kjem meg inn paa spraakskulen til UBA..

¡Hasta luega!

2 comments:

Trygve said...

Hihi!

For ei oppleving! Dette har ikkje eingong eg faatt proeve. Det er tydeleg at eg maa proeve aa gaa ut med Pato i hennar heimstrok ein gong.

Helsing Trygve som er i himmelen akkurat no etter aa ha faatt svar fraa den fantasiske tangolaererinna si, og som skal ut paa ski i maara, i eit gedigent anlegg, som no etter alt aa doemme har omlag ein meter med pudder som ligg og venter paa han. Ah, lykke.

Klem fraa Bariloche

Sigurd-Inge said...

Artig med blogg sjølv om det er Spansk for meg..
Ja, du må finne fag som NTNU og Lånekassen aksepterer fortere enn..
Kaldt, men det går jo mot sol& sumar - her har vi hatt denn sumaren, men no kjenner eg sneken av ein laaaang og våt haust!
P