Monday, August 14, 2006

Det ordner seg alltid for snille jenter.

Dermed er eg altsaa baade frisk og oppmeld i alle fag eg treng.

Heldigvis var universitetet snilt nok til aa ikkje stenga fagoppmeldinga naar fristen gjekk ut. Saa paa loerdagskvelden drakk eg raudvin og meldte meg paa mine siste to fag. No har eg altsaa 4 fag, men treng berre 3. Ta vekk det som ikkje passer inn: Cosmologi, Materialfysikk, Biofysikk og diaditikk. Eg tar i mot alle innspel med takk! :-)

Ellers har eg hatt ei veldig fin helg. Paa laurdagen kom til og med litt sol og varme. Saa det var raad aa sitja i t-sjorta i livd og sol. Det var ei flott oppleving. Eg brukte dagen til aa utforska Tigre i lag med Trygve. Tigre er den plassen alle fraa Buenos Aires reiser til naar dei har lyst aa slappa av aa vaera litt naermare naturen. Saa veldig, veldig naert naturen var det kanskje ikkje, men etter 3 veker i BA vart eg faktisk imponert over stilla, og muligheten til aa finna ein plen der ein nesten ikkje hoyrdte trafikken. Det flottaste med Tigre er vel likevel ikkje byen sjoelv, men deltaet som er rundt. Der kan ein padla/ro/reisa med baat i allemulige labyrintar av elvearmar og det verkar riktig saa toeft, sjoelv om vatnet ikkje heilt frista meg til naerkontakt.

Soendagen var eg paa eit antikvitetsmarked i San Telmo i lag med ei polsk jenta fraa skulen og ei jenta fraa Nord Argentina som gaar paa UWC i Venezuela. Ho var utrulig koslelig fortalde mykje om provinsen sin som er oppe mot grensa til Bolivia. Det hoeyrdes heilt fantastisk ut og eg satsar paa aa koma meg der eingang! Det er eigentleg mange plassar i Argentina som verker heilt fantastiske, men det er utrulig lange avstandar!! Det foeles som det meste er min 20 timar i buss vekke.. sukk.. :-) Unntaket er Uruguay som er rett over fjorden.

Men no maa eg heim aa gjera lekser. I dag saa laeraren min at ho trudde dei fraa Norge og sverige maatte vera dei mest uorganiserte og late elevane i verda. Alt taler med andre ord for aa ta i eit tak i kveld! :-)

1 comment:

Sigurd-Inge said...

Cosmologi og diaditikk?
Spansk, tar du ikke det formelt?
Så bra at du har doktor i huset og er blitt frisk!!!!
Du blir buande hos Hugo & Co? Bra at du kjem deg litt rundt om og får snakka spansk - handlemønsteret virker kjent, men ser ut som om det er vanskeligere å gjere dei heilt store feilinvesteringane down there..

Mindre e-post, så eg forstår at eg må inn her oftare??