Wednesday, August 23, 2006

Korleis eg vart forandra til eit monster.

Eg har allereie fortald om korleis i eit svakt augneblikk gjekk med paa aa ta antibiotika mot halsverk som eg er ganske sikker paa at hadde gaatt vekk av seg sjoelv. Eg trudde som dei fleste andre at, pytt, litt antibiotika kan vel ikkje skada stort og saa lenge eg fullfoerer kuren gjer eg ikkje bakteriane motstandsdyktige og det skjer ikkje noko galt.

Ja, ja.. Saa feil kan ein altsaa ta. Som alle ordentlige medisinar kan antibiotika og ha bivirkingar, og eg viste meg aa vera allergisk. Saann gjekk det til at daa eg vakna loerdag morgon var heile meg eit heilt vannvittig stort og kloeande utslett! Det er det verste eg har sett for aa vera heilt aerlig, det gjekk berre saa vidt an aa skimta augo mine innimellom det raude opphovne ansiktet mitt og dette var dagen daa eg skulle paa min fyrste landtur ut av Buenos Aires! Heldigvis er ikkje Alicia doktor for ingenting, og eg gjekk fraa antibiotika til saers sterke allergitablettar, og ein fantastisk effektiv krem. No er eg difor heilt frisk der eg har hatt krem og nesten frisk paa resten av kroppen. Slutta med allergimedisinen i dag, saa er spent paa om det blusser opp att..

Moral; ikkje ta antibiotika utan at det er saers naudsynt! Neste gang Alicia har ein vidundermedisin mot forskjellige kvardagsplagar skal eg vera sterk og seia; Nei takk! Sjoelv om det vert paa spansk..

Ellers hadde eg ei fantastisk fin helg med Trygve, Philip og 4 andre utanfor Tigre. Fantastisk kjekt, sjoelv om eg foelte meg litt sosialt hemma med mitt groteske utsjaaande.. hehe.. Fekk faktisk tilbod om aa verta bassist i eit argentinsk band! Men eg kjem nok aldri til aa sjaa han som gav meg tilbodet igjen.. (Og det er nok like lurt, for det spoers om dei ville hatt meg med etter at dei hoeyrte meg spela.. :-) )

Og saa har eg hatt mi fyrste fysikkforelesing, og det gjekk nesten bra. Forstod ein god del og professoren verka veldig sympatisk, klassen var liten, og det verka som dei fleste kjente kvarandre. Spoers kor lett det er aa verta vener med folk, men skal gjera mitt beste! :-) I morgon skal eg ha 6 timar diaditikk, laera om aa laera, kvir meg som ein hund etter at eg kom paa at det er eit typisk snakka/kommunisera fag der det er store sjansar for at eg maa sei noko.. Huff og huff..

..men no er klokka ni og det er tid for middag! :-)

No comments: