Friday, August 11, 2006

oooops, eg har gjort det igjen!

Kortid skal eg klara aa laera meg aa gjera ting i god tid?

Eg har utsatt aa melda meg opp i det siste faget mitt til siste liten i haap om at det skulle dukka opp eit teikn som kunne fortelja meg kva fag eg skal ta. Eg har sjoelvsagt ikkje faatt noko slags openbaring men heller eit problem. Argentinarar er kjend for aa vera seint ute, og det er tydlegvis fleire enn meg som likar aa venta til siste liten. Naar heimesida der ein melder seg paa fag i tillegg ikkje er heilt stabil er det difor ikkje saa rart at det er heilt umulig aa logga seg inn! Utrulig irriterande!
Heldigvis er det ein utrulig hjelpsam studieveiledar paa universitetet, saa eg faar reisa aa snakka med han paa mandag saa faar me haapa det ordner seg. Visst ikkje boer det bli eit passe avslappa og deilig semester paa meg!

Som om det ikkje skulle vera nok at eg har sete i snart 2 timar paa ein internettkafe og proevd aa koma meg inn i det teite systemet er eg vorten haaplaust forkjoelt. Etter aa ha hoyrd paa at eg hosta i heile natt hadde Alicia (mor i huset) lagt ei pakke antibiotika og ein lapp om at eg maatte ta to om dagen paa frukostbordet. Eg er naturligvis svaert skeptisk, men sidan ho er lege og eg ikkje argumenterer saa godt paa spansk endaa, gaar eg no paa antibiotika. Eg haaper det er veldig effektivt og kalkulerer med aa vera frisk som ein fisk i morgon! :-)

Ellers har eg faatt meg ein ny til tider tidskrevande hobby. Sjoelv om eg sluttar paa skulen i totida kvar dag er eg sjeldan heime foer femtida. Det skuldas stort sett to ting; 1. internetcafear, og 2. butikkar (min nye hobby) . Uansett kvar ein gaar i BA er det droessevis av butikkar, det er ikkje alle som har like mange fine ting, men dei aller, aller fleste har veldig koselige butikkdamer! Saa min hobby er altsaa aa gaa i butikkar, sjaa paa klede og dilldall og snakka spansk med koselige butikkdamer! Det er veldig bra for spansken min, og for sjoelvtilliten, for eg kan fortelja dei kvar eg kjem fraa, kvifor eg er i BA, og kva planar eg har.

Utanom at det er ein koselig hobby, er det ganske noedvendig. Eg som var saa stolt over aa ikkje ha overvekt innser at eg har utrulig lite ting med meg.. Sjoelv om det er tjukkaste vinter her er den einaste jakka mi ei regnjakka, eg har berre ein stilongs, ingen vanntette sko ++ Og sidan eg alltid bruker laaang tid paa aa finna ting eg liker, mangler eg framleis det meste. Lurer paa kor mange veskebutikkar eg t.d. har vore paa. Men dei har stort sett berre anten billige, stygge plastikkvesker eller skinnvesker som sjoelv om dei er billige likevel er veldig dyre saa lenge eg ikkje har funne den "perfekte". Jaja.

Ellers var Trygve, Ole M, eg ++ ute i forgaars og aat paa ein veldig fin resturant! For 70 kr fekk ein saa mykje mat ein ville, ei eining alkohol (ei flaska vin), og dessert.. nam.. Eg trur kanskje det var det beste kjoettet eg har ete! Nam, nam, nam.. Forstaar ikkje korleis det gaar an aa grilla oksekjoett saann at det smelter paa tunga.. hmm. Blant dei som var med og aat, var det ein Argentinar som har lyst aa reisa til NTNU paa utveksling.. Saa det var litt artig, verda er sjeldan saa stor som ein skulle ha trudd!

Aa ja, i gaar var eg paa ein konsert i San Telmo, ein av "tangobydelane" i BA. Det var to avdanka argentinske heltar som spela, og han eine var saa stein at han la seg ned paa scena under ein gitarsolo for aa slappa av litt, i tillegg til at ein scenearbeidar tok fraa han gitaren saa han ikkje skulle knusa den.. Heilt utrulig at han klarte aa synga! Kanskje ikkje saa rart at eg foretrakk han andre! Han var til gjengjeld veldig flink, han hadde med seg 3 utrulig gode gitaristar (+ bass og kongas) og dei spelte ein blanding av rock, tango og folkemusikk som eg likte veldig godt! Sjeldan 4 gitarar i lag vert saa bra!

Hmm, ein ting til. Er det nokon som veit kva som skal til for aa bli spansklaerer i Norge? Den eine laeraren min har saa lyst aa reisa til Norge, og det hadde vore koselig aa kunna hjelpa ho for ho er fantastisk koselig!!

Men no har eg vore her i godt over 2 timar, er tom for snytepapir og har framleis ikkje kome meg inn paa dei teite universitetssidene.. Trur rett og slett eg resignerer og leiger meg ein dvd. Er aleine heima i kveld og gler meg til aa slappa av aa sjaa film nr 2 paa 3.5 veker! I tillegg trur eg at eg skal kjoepa meg ei alfajore, eit eksempel paa fantastisk gode argentinske soetsaker!

2 comments:

Trygve said...

Klart du ikkje finn deg klede eller veske når du bruker all tida di i butikken på å fortelje om midnattsola i Noreg.

Eg må ellers støtte under at eg elsker studieveilederen Guido nesten like mykje som eg elsker Jo Esten. Det seier ikkje lite.

Sigurd-Inge said...

Krysser fingrene for at det IKKJE blir så rolegt som frykta..