Sunday, October 15, 2006

Bileter frå Buenos Aires!

No har eg endelig klart kopla maskina mi til internett, og eg har fått lagt ut nokon bileter frå Argentina! Så om de har lyst å sjå korleis Alicia og José ser ut, eller Hugo og Emilie, er det berre å gå inn på biletesida mi (link i margen).. :-) Ellers har det vore litt av ei helg! I går hadde José bursdag og heile huset var fullt av slekt og vener! Det var til og med leigd inn ei meksikansk gruppa som spelte og sang for jubilanten! Veldig artig! Og eg trur kanskje eg slår fast at "latinofamiliebesøk" iallefall er litt meir eksotiske enn norske familiebesøk!
Av andre kuriositetar har dagens søndagsavis i BsAs eit 5siders reisepotrett frå Bergen, Geirangerfjorden og Norge generelt, så det vert artig å lesa kva argentinarane synst om oss! :-)

2 comments:

Sigurd-Inge said...

Bloggen er blitt svært så avansert med bilete og arkiv !
Veldig kjekt med bilete - såg fasinerande ut med slangar og fossar.. Og så var du i Paraguay? Då får eg sikkert postkort!!!!

Astrid-Sofie said...

Du får postkort ja, men diverre ikkje frå Paraguay... Me såg verken postkort eller postkontor den timen me var i Ciudad Este, men i Port Iguazú derimot hadde dei i massevis.. :-) Skal sjå om eg kan få ordna det med eit anna høve!