Wednesday, October 11, 2006

Iguazú!

Om nokon har sett "the Mission", saa veit de at Iguazú er flott og fasinerande, om de ikkje har sett den kan eg sei at det er verdas stoerste vassdrag, og om ikkje dette hjelper kan du tenkja deg at du har ei gigantisk stor elv med usannsynlig store mengder vatn, saa plutselig ein dag forskyv jordplatene seg litt og vips, den store elva som pleide aa renna rolig i gjennom jungelen har faatt eit fall paa 80 meter! Resultatet kan verta vilt, vakkert og vannvittig kraftfullt! Resultatet kan verta .... tatatatatatat... Iguazú!

Men dette var eigentleg ikkje meininga aa vera ei hylling til Iguazú aleine, men heller ei lita skildring av mitt moete med herlegheita! For om ein fyrst skal ut av BsAs for aa trekka litt frisk luft, kan det umulig finnast ein flottare plass aa gjera dette enn i Iguazú. Og det var noko slikt Jo og eg tenkte natt til fredag etter aa ha sett ein utrulig trist film og drukke litt raudvin. Kva med aa byta ut asfalt og bilar med gras, vassdrag og slangar?

... slangar!?! Jepp, har ikkje sett mindre enn to stk! Eine kryssa vegen me gjekk paa omtrent ein meter framfor meg, og den andre aala seg gjennom nokon trer inne i skogen. Og eg som er livredd for slangar! Det gjekk heldigvis veldig bra, av ein eller anna mystisk grunn synst eg hoggorm er eklare enn desse to (ufarlige?) slangane i jungelen.. :-) Ellers har me sett fantastisk mange flotte sumarfuglar, fuglar, Koyoter (Coatí), oegler og andre spanande dyr. Noko med det flottaste var nok naar me var paa fullmaane tur til "Djevelgapet" (Devils throat) og kjente den utrulige krafta vatnet har. I dagboka til Nuñez, den fyrste kvite som saag vassdraget, stod det at vatnet spratt dobbelt saa hoegt opp att etter aa ha truffe bakken.. Haaper eg kan faa lagt ut nokon bileter etter kvart!

Apropo bileter, saa var Jo (venninna fraa BsAs, skribent og til tider fotograf) saa uheldig aa oydeleggja Canon kameraet sitt medan me var i nasjonalparken, saa i gaar var me ein liten tur til Paraguay for aa proeva aa kjoepa eit nytt! Teknologi er nemlig latterlig dyrt i Argentina, og difor reiser alle argentinarar (og brasilienarar) som bur paa grensa til Paraguay der for aa handla.

No har det seg saann at uansett kven ein spoer, og om kva ein spoer her saa faar ein heilt forskjellige svar. Til slutt valde me difor aa hoyra paa eigaren av hostellet vaart som sa at butikkane i Paraguay var opne om morgonen og fraa seks og utover om kvelden. Det viste seg aa ikkje vera saa lurt. Naar me kom til Ciudad Este i Paraguay klokka seks om kvelden heldt dei paa aa stenga alle butikkane og etterpaa oppdaga me at alle bussane slutta aa gaa paa denne tida óg. Heldigvis moette me ein liten gut paa aatte aar som viste oss vegen til den einaste kveldsopne butikken i byen. Det var ein fantastisk soet gutt, han viste oss rundt og formana oss om aa passa paa veskene vaare, vera forsiktig med det eine og med det andre. Han tilbydde oss til og med aa visa oss vegen til eit hotell for natta, i og med at det ikkje gjekk fleire bussar for aa koma seg heim. Mest sannsynlig tjener han inn pengar til heile familien (paa 12 pers) med aa visa rundt og guida forvirra turistar, eit fantastisk businiss talent! No slapp me heldigvis aa ta oss inn paa hotell i Paraguay, den einaste kveldsopne butikken hadde 4 vaktar med maskingevaer og ein eigen skyssbil til Foz de Iguazú i Brazil. I fylgje butikkdamene var det daa enkelt aa ta buss derifraa tilbake til Argentina, dette hadde nok vore riktig dersom det framleis gjekk bussar, men i fylgje alle vaktane og billetoerane paa bussterminalen var dei slutta aa gaa for kvelden.. Daa var det slutt paa vatn og tolmod og me endte opp med aa ta taxi tilbake til vaart kjaere hostell. For aa avslutta den innhaldsrike kvelden aat me paa yndlingsresturanten vaar, og vart kjend med eit ektepar fraa ein liten by 5t fraa BsAs som inviterte oss paa helgetur der for aa eta grillmat og verta kjend med eit prosjekt der besteforeldre les historiar for ungar. Saa kanskje det vert neste eventyr! :-)

Men no trur eg nok det er tide for aa vaaga seg ut i regnet.. Etter 4 dagar med knallsol og godt over 30 grader (litt for varmt for meg), har det poesregna i heile dag. Saa i staden for aa bruka dei siste timane mine i Port de Iguazú paa aa utforska smaabyen og kjoepa litt suvenir endte eg opp i den toerre og airkonditionavkjoelte internettsjappa.. Og om nokon timar er eg tilbake i BsAS!

No comments: